IMF Sunnmøre har i dag sendt eit brev med sine tiltak til tilhøyrande foreiningar og bedehusstyrer, der ein oppfordrar til å stå saman i befolkninga om å begrense smittespredning av COVID-19. I tillegg er alle større arrangement til etter påske i regi av IMF Sunnmøre avlyst.
På hjemveg er tittelen på Hilde Gjengedal sin rykande ferske CD. To av songane på plata har ho laga både tekst og melodi på sjølv, i tillegg har ho spelt inn kjende songar av både Trygve Bjerkrheim, Leonard Gudmundsen og andre. Høyr intervjuet som Arild Ove Halås har gjort med Hilde Gjengedal.
Kvar fredag samlast ei titalsgruppe med menn for å be og ete frukost saman før jobb, på Espresso House på Amfi Moa. Vidar Severin Åsebø, mannen bak Aalesund Soulchildren og Aalesund Gospelkor, har no vore med og starta morgonbøn på Espresso House. Vi tok ein prat med Åsebø på Radio Sunnmøre.
Det kjem torsdag forslag til restriksjonar frå Indremisjonsforbundet som anbefaling til dei ulike typar bedehusaktivitet. Dette for å vere med å forhindre spredning av koronaviruset. Høyr intervjuet med krinsleiar i IMF Sunnmøre, Johan Halsne.
Ein av Radio Sunnmøre sine faste lyttarar er Vidar Godø. Han er svært engasjert på fleire områder, som pastor i Pinsekirka Moa, i Waldehuset i Ålesund, og i tillegg får han inspirasjon til eigne talar gjennom å lytte til serien Vindu mot livet. Are Bakke tok ein prat med Vidar Godø under årets RadioGiv på Radio Sunnmøre.
12 min
About Radio Sunnmøre
From the publisher's feed
Intervju, program og lokale andakter produsert av Radio Sunnmøre. Din kristne lokalradio på Sunnmøre med lokalt innhald frå hovedsaklig misjon, kyrkje og bistand.