I helga skal Synnøve Aanensen på Sunnmørsturnè saman med ImF Sunnmøre sine Stjernedryss. Emblem, Valderøya, Brattvåg og Ulsteinvik er dei heldige som får besøk denne gongen. Høyr intervjuet med Aanensen på Radio Sunnmøre.
Med hjerte for forfulgte kristne er tema i vekas program frå Åpne Dører. Eit intervju med Elin Bjerkestrand og Sigrun Urdal Svingen, som er busette i Molde og har gjennom fleire år vore aktive i Åpne Dørers arbeid.
Dobbel lytting er eit begrep som den kjende forfattaren John Stott har lansert, og handlar om det å lytte til historiane som ein møter i verda og til Ordet. For å forkynne evangeliet må ein kunne vite at ein kan bygge ei bru mellom historiane som ein møter i verda gjennom til dømes sosiale medier, film og seriar, og evangeliet. Slik at evangeliet gir meining for dei som høyrer på.
Anne Solfrid Brennhovd i Damaris er intervjua av Arild Ove Halås i Radio Sunnmøre om dette temaet.
I Bibelpraten snakkar vi i dag om Johannes Openberring, om talet sju og dei fyrste segla som blir opna. I ein prat med Johan Halsne og Arild Ove Halås tek vi ein prat om det som står i Bibelen og kva det betyr for oss i dag.
Forrige veke var Marit Stokken Berland saman med Irene Krokeide Alnes på Ørsta bedehus og haldt møteveke. Meir om dette får du i vekas kvardagsprat på Radio Sunnmøre.
Til helga er det julekonsert med Vår jul fleire stadar på Sunnmøre. Vår jul er juleturnèen med artistane Christian Ingebrigtsen, Gaute Ormåsen, Maria Arredondo, Torstein Sødal og Tine Thing Helseth. Christian Ingebrigtsen har i år saman med Trygve Skaug skrive ein ny julesong som heiter Det blir fred, og handlar om at det går and å finne ein indre fred midt i julestria. Ein fred som ein berre finn inni seg på grunn av at Jesus vart født. Vi har tatt ein prat med Christian Ingebrigtsen om både den nye julesongen og turnèn som går på Sunnmøre fire stadar fyrste helga i advent.
Steinar Rishaug er ambulerande sjømannsprest i Asia for Sjømannskirka, og på Radio Sunnmøre vert han intervjua av Arild Ove Halås intervjua i serien Sjømannspresten om det han opplever i arbeidet sitt.
Kva skal til for å få eit godt samliv? Solide Samliv starta opp i 2018 med å halde kurs etter resulatat frå Gottmans instituttet. Øistein Samnøen er dagleg leiar i Solide Samliv, og Radio Sunnmøre har tatt ein liten prat med han om dette.
På Vigra har det dei siste åra skjedd ein vekst i det kristne arbeidet for alle aldre. Faste søndagssamlingar, Awana for barn og unge, og eit bibelgruppekonsept som fungerar. Odd Kåre Naalsund trudde ikkje han skulle leie noko kristent arbeid, og no sender han ut opplegg til fleire bibelgrupper på Vigra med over 120 deltakarar til saman.
8 min
About Radio Sunnmøre
From the publisher's feed
Intervju, program og lokale andakter produsert av Radio Sunnmøre. Din kristne lokalradio på Sunnmøre med lokalt innhald frå hovedsaklig misjon, kyrkje og bistand.