I Bibelpraten tek vi ein prat med Johan Halsne og Arild Ove Halås om kva som står i Bibelen og kva det betyr for oss i dag. Vi har kome til Johannes Openberring og snakkar om noko av det fyrste Johannes får sjå, nemleg Guds trone.
Ein kan nokon gongar oppleve det som at Gud er taus, at ein ikkje får svar frå Gud og at Gud ikkje er til stades. Andreas Nordli har skrive ei bok om dette temaet og hans eigne opplevingar og tankar rundt dette. Høyr meir i intervjuet med Andreas, dagleg leiar i Ungdom i Oppdrag.
I vekas kvardagsprat tek vi ein prat med Irene Krokeide Alnes som har mykje på hjartet etter leiarkonferansen i Bergen, og denne veka skal ho saman med Marit Stokken Berland starte ny møteveke i Ørsta. Høyr meir i vekas kvardagsprat.
Til helga er det klart for årets julemarknad til inntekt for Brusdalsheimen. Fredag 22.november og Laurdag 23. november på Spjelkavik bedehus. Høyr intervjuet med Hilde Giske Lukkedal.
Siste veka i november er det premiere på Rokkeulven på Ålesund Folkehøgskole. Heile skulen er delaktig i alt frå kostymer, scene, skodespelarar, musikk med meir, og i studio fekk Radio Sunnmøre besøk av Kristoffer Åmot og Kanutte Skjelvik som er elevar ved skulen.
ImF Ung Sunnmøre har tips til julegåve til dei som har alt, ein ekteskapsweekend på Thon Hotell i Fosnavåg. Høyr meir i intervjuet med barne -og ungdomsarbeidar Hilde Sofie Blindheim Østrem.
I episode tre i serien Sjømannspresten tek Arild Ove Halås ein prat med ambulerande sjømannsprest Steinar Rishaug på veg til Kina, med eit mellomstopp i Polen.
I vekas mediekommentar frå Tro & Medier møter du Daniel Sæbjørnsen, prosjektansvarleg for Preach!. Tittelen på vekas kommentar er Generasjon prestasjon treng å leias til liv
I Bibelpraten denne veka handlar det om ulike syn på Johannes openberring. Vi har tatt ein prat med Johan Halsne og Arild Ove Halås.
10 min
About Radio Sunnmøre
From the publisher's feed
Intervju, program og lokale andakter produsert av Radio Sunnmøre. Din kristne lokalradio på Sunnmøre med lokalt innhald frå hovedsaklig misjon, kyrkje og bistand.