Kva står i Bibelen og kva kan det bety for oss? I ein prat med Johan Halsne og Arild Ove Halås i IMF Sunnmøre ser vi på ulike tema i Bibelen. Høyr fyrste del i serien om skapelsen.
Bjørn Hinderaker var 11. februar på Radio Sunnmøre sin inspirasjonssamling på Valderøya, og haldt foredrag om C.S. Lewis sin veg frå ateisme til kristen tru. Høyr heile foredraget her.
Denne veka er Johan Halsne reiseleiar på ein av Plussreiser sine turar til Israel, men denne turen er heilt ny. Vi tok ein telefon til Halsne då dei sat på bussen og fekk guidet tour.
Måndag 4. mars startar bøneveka 24/7 på Ålesund bedehus i regi av Ungdom i Oppdrag. Vi har snakka med Per Arne Veiberg, 50+ kontakt i Ungdom i Oppdrag, Møre & Romsdal.
-Det er det som gjer fellesskapet så godt, at vi har same livssyn og same trua. Difor er vi veldig mykje saman i kristent arbeid og alt vi engasjerer oss i, fortel Are Bakke om seg og kona Margrethe.
Are Bakke held andaktene i Ord til ettertanke denne veka. Han er styreleiar i Radio Sunnmøre, og har vore med i radioarbeidet heilt i frå starten i 1984.
Intervju, program og lokale andakter produsert av Radio Sunnmøre. Din kristne lokalradio på Sunnmøre med lokalt innhald frå hovedsaklig misjon, kyrkje og bistand.