Radio Sunnmøre

Radio Sunnmøre

Download on the App Store

Radio Sunnmøre episodes

  • Verstingprisen 2019
    Ungdomsorganisasjonen PRESS, Røde Kors, delar kvart år ut Verstingprisen, og i år er det undertøysgiganten Victoria Secret som vann prisen. Kriteriane for å vinne prisen er det/dei selskap-a som får ungdom til å føle seg verst.
    Fagleg leiar i Barnevakten, Kjellaug Tonheim Tønnesen, fortel meir i vekas intervju.
    6 min
  • Ansikt blant dei 245 millioner forfulgte kristne
    16.januar offentleggjorde Åpne Dører si forfølgelsesliste; World Watch List. Den er basert på eit års rapportering frå feltet, og inneheld ei oversikt over dei 50 landa i verda der det er tøffast å leve som kristen.
    WWL blir revidert eksternt av The International Institute for Religious Freedom, og blir sett på som den mest omfattande og pålitelege rapporten innan sitt felt. Lista representerer 245 millionar menneske som blir forfølgde for si kristne tru, eit tal som er umuleg å førestille seg. I dette programmet gir Olaug Lillian Bjørke deg eit møte med to av desse: Pastor Wang fra Kina og Aisha frå Nigeria. Ein mann og ei kvinne som har fått kjenne forfølgjinga på kroppen. Pastor Wang vart fengsla like før jul, anklaga for å undergrave kinesiske myndigheiter. Trebarnsmora Aisha (28) opplevde at forfølgjarane bortførte ektemannen og voldtok henne i sin eigen heim. Pastor Wang hadde skrive eit brev i forkant av arrestasjonen: «Det at eg mister min personlege fridom, håper eg Gud kan bruke». Så skriv han om den fridomen som ingen kan ta frå han, sjølv ikkje dei som arresterer han. Aisha har fått traumehjelp i regi av Åpne Dører, og uttrykker si takksemd slik: «Eg har begynt å oppleve fred igjen, og eg er takksam for at Gud har ført dykk hit, så de kan fortelje verda kva som skjer i Nigeria». I programmet får du elles høyre Ingelin og Hildegunn Garnes Reigstad synge «Jesus er med deg».
    17 min
  • Vil vere relevante i barn og unges liv_Del1
    Ein av grunnane til at Indremisjonsforbundet henta undervisningsopplegget AWANA til Noreg, var at dei ynskja å vere relevante inn i barn og unges liv. Arild Ove Halås intervjuer Trond Pundsnes, undervisningsutviklar i Indremisjonsforbundet.
    6 min
  • Vil vere relevante i barn og unges liv_Del2
    Ein av grunnane til at Indremisjonsforbundet henta undervisningsopplegget AWANA til Noreg, var at dei ynskja å vere relevante inn i barn og unges liv. Arild Ove Halås intervjuer Trond Pundsnes, undervisningsutviklar i Indremisjonsforbundet.
    6 min
  • Forsamlingskonferanse på Emblem
    Laurdag var det forsamlingskonferanse på Emblem bedehus, i regi av IMF Sunnmøre. Foreiningar og forsamlingar på Sunnmøre og Nordmøre var samla, og forsamlingskonsulent i IMF, Runar Landro, haldt seminar. Høyr intervjuet Arild Ove Halås gjorde med Runar Landro.
    9 min
  • Nikolai Sundklakk med Ord til ettertanke
    Denne veka er det Nikolai Sundklakk, ungdomspastor på Emblem bedehus, som har Ord til ettertanke på Radio Sunnmøre.
    Han er oppteken av å gi Jesus vidare til andre, og vi har tatt ein prat med han om kvifor han brenn for det, og korleis han møter utfordringane med oppgåva han har tatt på seg.
    5 min

About Radio Sunnmøre

From the publisher's feed

Intervju, program og lokale andakter produsert av Radio Sunnmøre. Din kristne lokalradio på Sunnmøre med lokalt innhald frå hovedsaklig misjon, kyrkje og bistand.

More shows like Radio Sunnmøre

Salt by Salt Bergen

Salt

3 Listeners

Kristen-Norge by Dagen

Kristen-Norge

2 Listeners