
Sign up to save your podcasts
Or


– Livet har fare fint med meg, trass i nokre sjukdomstilfelle, så eg gler meg kvar dag over at eg har det så godt no i alderdomen. Det seier Aslaug Eik, tidlegare lærar og bondekone i Omvikdalen. Til sommaren blir ho 92 år. Ho tykkjer det gjev ein ekstra bonus når ho stundom blir spurt om å skriva litt for andre, eit dikt eller ein prolog, det gjev henne ei kjensle av å vera eit levande menneske, og viser at hovudet enno fungerer, legg ho til.
– Fastlegen og fysioterapeuten min seier også at det går fort framover med meg no, ikkje nedover, slik ein skulle tru i min alder, humrar Aslaug. Siste året har ho vore på operasjonsbordet to gonger både på Stord og i Haugesund etter eit stygt lårbeinsbrot. Rundt årsskiftet fekk ho i tillegg ein betennelse, som også sette henne fysisk tilbake for ei tid. Men det er eit tilbakelagt stadium, og Aslaug ser no berre positivt på alt.
Ho er fødd og oppvoksen på ein alminneleg vestlandsgard i Breim i Nordfjord saman med åtte søsken. Fem av dei lever enno. Faren hadde lærarjobb utanom garsdrifta, så det var mora som var bjerebjelken i heimen, så å seia. Når Aslaug i dag ser attende på barne- og ungdomsåra er det berre gode minne ho fortel om. Alle ungane blei fødde i heimen, og der kom dei òg tett på døden, slik det har vore i generasjonar rundt om på gardane. Folk på landsbygda hadde ikkje nokon aldersheim å flytta til den gongen.
Tidleg i arbeidAslaug er ikkje i tvil om at ein av grunnane til at ho er blitt over nitti år, og har ei relativt god helse, er at ungane måtte læra seg å arbeida frå dei var ganske små. Ho hugsar til dømes enno godt då dei gjekk til støls for å mjølka kyrne om somrane; to timar opp og halvannan time ned att. Det gav dei ei god helse til å byggja vidare på.
Eigentleg var det lærar Aslaug ville bli, noko ho var fast bestemt på allereie i 14-årsalderen. Men så kom krigen og i 1942 sette okkupasjonsmakta strenge krav til dei som tenkte i dei banar. Så i staden vart det fire år på landsgymnaset. Etter det kunne ho likevel velja og vraka i jobbar i småskulen.
Så ein dag kom det ein nytilsett heradsagronom frå Kvinnherad til Breim; Olav Eik frå Omvikdalen, og det gjekk ikkje lang tid før han fekk auge på Aslaug. Det blei kjærleik ved første blikk, så å seia, og seinare blei det dei to. Det skulle bli eit 55 års langt ekteskap.
Olav var odelsgut til garden Myklebust i Omvikdalen, og då han etter fem år i Breim blei tilsett som heradsagronom i Kvinnherad, sa dei takk for seg i Nordfjord. Då var sonen Tore blitt to år. Olav arbeidde i Rosendal, medan Aslaug vart lærarvikar i Uskedalen første halve året.
Eit blodslit– Det var eit blodslit å driva garden på Myklebust, og ein tung plass å vera på dei første åra, minnest Aslaug. Ho hadde ansvaret for mat og stell for huslyden, medrekna besteforeldre og ei eldre tante frå Amerika. Sjeldan var dei færre enn ti menneske til bords.
Men trass i slitet med gardsdrifta var Omvikdalen ei god bygd å bu og leva i. Aslaug kom med i helselaget den første tida, seinare i bondekvinnelaget og i helselaget. I dag er det Omvikdalen bygdekvinnelag, med over hundre medlemmer, som samlar både bondekoner og andre i bygda på ein god måte. Etter Aslaug Eik si meining er det eit av dei best drivne laga i heile fylket.
I 2002 flytte Aslaug og Olav til ein lettstelt leilighet i Skålagato i Rosendal. Månadene før hadde dei opplevd ein dramatisk situasjon etter lynnedslag i det gamle huset dei budde i på garden. Hendinga kunne lett ha teke menneskeliv, men det vart med skrekken.
– Kva råd vil du gi til eldre menneske som bur heime åleine?
– Først av alt må ein ha eit godt nettverk og i tillegg prøva å vera mest mogleg aktiv – så langt ein kan utifrå sin eigen helsesituasjon. Har ein ikkje dette når ein blir gammal, er det straks verre. Då kan livet bli stusseleg og tungt, seier Aslaug Eik. Sjølv har ho både eit godt nettverk og ein god familie rundt seg.
Når ho berre får trent seg litt meir opp etter dei to lårhals-operasjonane i fjor, tar ho sikte på å kunna gå på handel i Rosendal igjen.
Jo, Aslaug ser sanneleg lyst på framtida. Og i juli blir ho 92 år.
Håkon Røssland frå Husnes har vore døden nær to gonger i livet sitt, og det er nesten utruleg at han overlevde den siste gongen – i september 2016 – då han fekk hjarteinfarkt med påfølgjande hjartestans i tjue minuttar. Men allereie tre dagar etter fødselen i 1948, heldt han på å dø. Den vesle guten hadde fått skarlagensfeber med 42°C i feber og ingen trudde at han kom til å overleva. Difor vart det i all hast arrangert dåp i Bogsnesteigen, der han fekk si første kyrkjelege velsigning.
Godt og vel 68 år seinare er det nære på for Håkon, som i januar same året måtte gå til skifteretten og be om oppbod for firmaet sitt. Fleire tilfeldigheter og rask innsats frå kona, ein son og helsepersonell både på Husnes og i Bergen, gjorde at han i dag er i live og kan fortelja historia si her på Skimtvis.
Situasjonen var så kritisk at det like gjerne kunne vorte slutten då hjarta hans stoppa etter hjarteinfarktet. Sjølv meiner Håkon at han var så å seia død, men noko «nær døden»-oppleving kan han likevel ikkje hugsa. Alt var berre svart, fortel den no snart 70 år gamle bedriftsleiaren i dette lyd-intervjuet.
Hjarta stoppaDet var ein tidleg septemberdag i 2016, medan Håkon heldt på med noko arbeid ved naustet sitt i Røsslandsvikjo det byrja; han fekk hjarteinfarkt. Han hugsar lite av sjølve hendinga, men på eit eller anna vis kom han seg inn i bilen sin og køyrde heim, der han fekk lagt seg på sofaen i stova. Ikkje lenge etterpå stoppa hjarta. No sto det verkeleg om livet.
Kona og eine sonen kom til ganske snart, nesten litt tilfeldig, og fekk varsla AMK-sentralen, som gav kunnig hjelp om kva dei skulle gjera. Nokre få minuttar seinare kom også sjukebil med lege frå Husnes helsesenter og overtok. Men dramatikken sluttar ikkje der; luftambulansen som var rekvirert frå Bergen var oppteken i anna oppdrag, og dermed måtte ein få helikopter frå Stavanger. Det gjorde situasjonen endå verre for pasienten.
Var frisk!– Alt som skjedde er nesten utruleg, seier Håkon Røssland når han no oppsummerer livet sitt gjennom dette lyd-intervjuet. At han skulle få hjarteinfarkt og hjartestopp kom som ei stor overrasking, etter som han berre kort tid i førevegen var komen heim frå Bjørnefjorden Hjertesenter med beskjed om at han ikkje feilte noko som helst.
Håkon er fødd og oppvaksen i Bogsnesteigen på Husnes, og skildrar dei første barneåra som ei fantastisk tid. Foreldra hadde eit lite småbruk med nokre få kyr og sauer. I 1952 kjøpte far hans, Gunnar, si første gravemaskin og etablerte enreprenørfirmaet G. Røsseland AS. Langt på veg var Håkon si framtid allereie då staka ut, noko han fekk klar beskjed om allereie i 16-årsalderen.
– Då vart eg førespegla kva liv eg hadde i vente, minnest Håkon. I dag kan han sjå tilbake på opp- og nedturar gjennom 46 år i sitt aktive yrkesliv.
BranntroppUtanom mange år i anleggsbransjen, fekk Håkon også tid til å ta del i litt andre aktivitetar i heimbygda. Til dømes var han med og bygde opp det kommunale brannvernet på Husnes, der han var med i heile 20 år. Han var også varamann til kommunestyret i perioden 1981 – 1985 og møtte nokre få gonger. Men han var eigentleg ikkje særleg interessert i politikk, ikkje hadde han tid til det heller. Det var arbeidet som opptok Håkon aller mest både i ungdomstida og i vaksen alder, fortel han i intervjuet.
Elles fortel den tidlegare entreprenøren om tida som vokalist i popbandet The Tempers på Husnes. Han hadde godt gehør og likte å syngja, men tida som musikar varde likevel ikkje særleg mange år. Nokre spelejobbar her og der fekk han likevel med seg ilag med Knut Prestnes og andre.
Vil levaI februar neste år blir Håkon 70 år og reknar med å få leva i mange år enno. Den dramatiske hendinga for snart eitt år sidan prøver han å leggja bak seg. Ikkje hugsar han så mykje av det heller. Han går ikkje rundt og tenkjer på kor gale det eigentleg kunne ha gått. Ikkje vil han tenkja så mykje på motgang, ansvar og slit i dei 46 åra han arbeidde i entreprenørbransjen heller. Krefttilfellet han var borti for fem år sidan er han ferdig med. No håpar han berre å få reisa meir, ilag med kona si, Kari. Dei to vart kjærastar allereie i 15-årsalderen. I intervjuet gjev han henne og sonen Gunnar mykje av æra for at han i dag er i live.
– Hadde ikkje dei to, nærast litt tilfeldig, vore heime den morgonen eg vart sjuk, ville eg ikkje site her i dag, seier Håkon ettertenksamt. Han fryktar ikkje å skulle døy ein gong, og trur absolutt ikkje på noko liv etterpå. Er det slutt, så er det slutt, seier han med fynd.
Ovidia Jaastad (101 år) har budd i Hardanger sidan før siste verdskrigen. Likevel er ho kry over at ho framleis kjenner seg som ein ekte kvinnhering. Vi har møtt henne på Utneheimen, der ho har budd dei siste fem åra. Her har ho det trygt og godt på alle måtar; får godt stell av kjekke og flinke pleiarar og middagsmat frå eige kjøken kvar dag.
– Ein kan ikkje betre ha det når ein er så gammal, seier den utflytte kvinnheringen med jentenamnet Helvik, og opprinneleg frå Sunde.
Då Ovidia var 16 år reiste ho frå Uskedalen til Halsnøy som tenestejente hjå ein lærar på jordbruksskulen. Månadsløna var 15 kroner, hugsar ho. Her fekk ho også læra seg både å hekla og veva, to yrkesfag som kom til god nytte seinare i livet. Våren 1936 søkte ho jobb på ein fruktgard i Hardanger, og der var løna tretti kroner i månaden. På Jåstad her trefte ho òg Amund, mannen som ho gifte seg med i Uskedal kyrkje i 1938. Dei fekk 64 år ilag på fruktgarden Ulskjer på Jåstad, og fekk tre born.
Fine barne- og ungdomsårI dette lydintervjuet ser Ovidia attende på oppvekst og ungdomstid i Uskedalen som gode og kjekke år ilag med foreldre, bror og ei søster. Den første tida gjekk ho på skule på Haugland, med flinke lærarar. Dei var ikkje som i dag, seier ho, og trekkjer spesielt fram songen om morgonen og då skuledagen var slutt som ein god skikk, som no dessverre er borte.
Ovidia har vore flittig med hendene i sitt lange liv, og har blant anna vevd om lag 100 ulike veggteppe. Ho har òg drive med hekling i livet sitt. 14 sengeteppe totalt er det blitt opp gjennom åra. Og enno får ho bruka hendene sine til handarbeid, etter at ho fekk operert augene sine for grå stær. Så no går strikkepinnane jamt og trutt i fanget til Olivia på Utneheimen.
Hardt arbeid og eit sunt levesett gjev eit langt livNår folk kjem opp i ein så høg alder som Ovida Jaastad er i no, får ein ofte spørsmål frå journalistar og andre om kva dei har gjort for å bli så gamle. Den tidlegare uskedalsdama har eit klart svar på det:
– Eg har arbeidd mykje, og det blir ein ikkje dårleg av. Dessutan har eg levt sunt, har ete mykje frukt og grønsaker og har korkje smakt alkohol eller røyk.
101-åringen har også halde på trua ho fekk i barneåra og er av den grunn ikkje redd for det som skal koma. Difor syt ikkje Ovidia over noko, ho tar ein dag om gongen – og gler seg over kvar morgon ho får slå opp augene på Utneheimen.
I august blir den åndsfriske dama frå Uskedalen 102 år. Men akkurat det er ho ikkje så mykje oppteken av i dag. Ein veit aldri kva tid det er slutt, seier ho.
– Det er eit einsamt liv å vera åleine når du er gammal, så eg vil helst flytta herifrå no, seier snart 99 år gamle Kasper Hjelmeland i Omvikdalen. Men då tenkjer han ikkje først og fremst på at det minkar på tida hans her på jorda, men at han får seg ein plass ved Ølve alderspensjonat om ikkje så lenge. Om han får leva ei stund til, er det dit han vil. Det er eit førsteklasses hotell i hans auge.
Til Rosendalstunet vil han i alle fall ikkje, slår den aldrande mannen fast med fynd. Det skuldast nokre episodar, der han ikkje fekk den hjelpa han hadde venta å få. I dag lagar han nesten all mat til seg sjølv kvar veke.
Kasper har køyrt bil i over 80 år, først og fremst lastebil, men òg både drosje og buss, i alle år så å seia utan alvorlege uhell. Han var ein populær mann i bygdene og hadde alltid mykje arbeid. Pengar vart det derimot mindre med, sidan mange pruta på prisen, bortsett frå dei i Rosenal. Han var stor og sterk og bar 100 kilos sekker med gjødsel like inn i løa til enkelte bønder.
Kasper er òg kjend for den faste mjølkeruta i Omvikdalen i mange år. Då var det ofte kona, Inga, som sat ved rattet, medan Kasper stod på lasteplanet lempa spanna. Kona, fødd Røsland, kom frå Bjelland på Sunde.
Passasjerande måtte skuva på bussenDå han køyrde for Utåker–Rosendal Billag hende det rett som det var at passasjerane måtte ut i bratte bakkar for å skuva på dei generator-drivne bussane. Eit anna minne er at han allereie i gutealderen var grindagut for dei som køyrde drosje, både om natta og på dagtid når skulen var slutt. Totalt var det 40 grindar mellom Rosendal og Utåker på den tida, som skulle opnast og lukkast under vegs.
I lydintervjuet fortel Kasper også om då han fekk bot for å ha sett i gang byggjing av huset sitt utan løyve. Då hadde prispolitiet vore på tomta og funne ut kor mange sekker sement han hadde brukt.
Minnene frå skuletida i Omvikdalen er så som så, men ikkje alt han har fortalt frå den tida eignar seg til å fortelja vidare. Derimot hugsar han godt fine ungdomsår i heimbygda.
Trygve Haugland i Uskedalen nærmar seg 89 år, men seier som Kong Harald; det er berre eit tal. Han kjenner seg ikkje gammal på noko vis. Einaste plage han har, er at føtene ikkje alltid er som dei skal. Bortsett frå det fungerer både hovud og syn så bra at han framleis kan køyra på tur i bubil med kona si. Dei to overtok garden på Haugland i 1960 og dreiv han i 32 år. Garden har vore i same slekta like sidan 1700-talet.
Utanom gardsdrifta har Trygve vore ein aktiv og engasjert mann i Uskedalen. Han har vore med i musikklaget, ungdomslaget, idrettslaget og i koret Røysterett for alle. I musikklaget vart han den første æresmedlemen etter å ha vore med i 48 år. Ei tid var han også styreleiar i Kvinnherad Samyrkelag, i ei tid då butikken byrja å skranta.
God oppvekstI dette lydintervjuet fortel Trygve om ein god oppvekst i Uskedalen. Han vart fødd på Døssland, der mora hans kom frå, men flytte til Haugland då han var berre tre år. Etter kvart kom det også fire søstre og ein bror til på garden. Sidan Trygve var den eldste i søskenflokken, var det berre naturleg at han overtok garden då foreldra ville slutta av. Sju år tidlegare gifte han seg med Sigrun. Bryllaupet føregjekk på garden, med 180 innbedne gjester.
– Eg veit ikkje korleis det hadde gått utan kona mi, seier 89-åringen. Dei to har no vore gifte i 64 år, og har det svært godt som pensjonistar. Det er både godt og viktig å vera to når ein blir gammal, meiner Trygve.
Han har ikkje i særleg grad vore engasjert i politikken i Kvinnherad, men føl likevel godt med på kva som skjer, og har sine klare meiningar om mangt og mykje, både innanfor politikk og i kyrkjeleg samanhang. Til dømes kan han ikkje forstå at Kvinnherad kommune byggjer ny aldersheim i Rosendal utan kjøken. Det er meiningslaust, tykkjer han. Nykokt mat til eldre på institusjon skulle vore ein sjølvfølgje.
Vond strid om kvinneleg prestPå den kyrkjelege fronten meiner Trygve det var trist å oppleva splittinga og striden i bygda om den kvinnelege presten. Det må då vera ordet som betyr noko, ikkje kven som framfører det, seier han. Trygve skulle gjerne sett at dei kunne vore sparte for den sjauen i Uskedalen, for det er ein svært godt likt prest som er komen til bygda.
Når du nærmar deg 90 år er det berre naturleg å filosofera litt over kva som er på andre sida av dette livet. Trygve held på barnetrua si og er sikker på at det finst ei styrande hand over oss, og at det kanskje òg finst eit liv etterpå. Alt rundt oss tyder på det, legg han til. Likevel er det livet her og no som betyr noko. Hans største ønske er at det må vera fred og harmoni mellom folk og at det vil gå godt for etterkomarane hans.
Forutan to døtre og ein son, har Sigrun og Trygve Haugland sju barnebarn og fire oldebarn.
Johannes Johnsen på Sæbøvik er glad for å kunna bu heime ilag med kona si, Kristine, så lenge han kan. Når dei er to, held dei også liv i kvarandre, seier mannen som no nærmar seg 92 år. Eit liv på Halsnøytunet, der mange berre sit og stirer inn i veggene, ser Johannes absolutt ikkje for seg. Han trur det blir alt for passivt for ein som har arbeidd og slite gjennom eit langt liv.
Johannes og kona bur på Sjo, på eit lite småbruk like attmed vegen mot Ranavik. Den vesle garden har vore i slekta lenge, og her voks han opp ilag med foreldre og ni søsken. Faren dreiv med fiske attåt gardsarbeidet. Det kom sanneleg vel med under krigen, minnest Johannes. Hadde dei ikkje hatt småbruket den gongen, veit han ikkje korleis det hadde gått, seier han ettertenksamt. Mat og kle var nesten det einaste som stod i hovudet på folk den gongen.
Folkeskule einaste utdanninga– Etter sju år på folkeskulen var vi utlærte, og ingen kunne tenkja på noko utdanning utover det. Men ein vinter på folkehøgskulen fekk han likevel med seg, minnest Johannes. Han vart konfirmert same året som krigen braut ut, og då var det berre å koma seg ut i arbeid. For hans del blei det fiske, som for mange andre på Halsnøy på den tida.
Johannes har eit godt minne og fortel levande om oppveksten sin. Han hugsar blant anna enno godt då tyskarane gjennomførte rassia på øya etter at ein soldat vart skoten på Sunde i 1943. Dei var på jakt etter gjerningsmannen. Han trur at om tyskarane hadde funne dei to geværa faren hadde gøymt på loftet, ville familien blitt skotne på flekken.
Sjømann og industriarbeidarDå krigen var slutt vart Johannes innkalla til Marinen og var med til England for å henta heim fire jagarar som Norge skulle overta. Seinare lokka sjømannslivet. Han reiste både i nordsjøfart og i utanriksfart, eit liv som han enno minnest godt. Spesielt turane til Tyskland og Polen etter krigen er vanskeleg å gløyma. Det såg fælt ut over alt.
Tidleg på 1960-talet arbeidde Johannes som stillasarbeidar på Stord før han i 1972 fekk seg arbeid på verftet i Høylandsbygd. Her var han i 15 – 16 år før han vert pensjonist.
Livet som pensjonist er ikkje så verst berre ein held seg i vigør og lever sunt, seier Johannes Johnsen. Han syt ikkje over dagen i morgon heller; det er nok av alt, endåtil mat. Det er slik overflod i dag at ungane og barneborna våre nesten ikkje vil tru korleis det var før i tida, med lite mat og lite pengar blant folk flest.
Varer ikkje evig– Eg kan ikkje tru at denne velstanden vil vara til evig tid, seier Johannes. Han tenkjer elles lite på slutten av livet, det blir ein berre skrullete i hovudet av, meiner han. Det får koma det som skal, legg han til.
Den gamle fiskaren, sjømannen og industriarbeidaren føl også ein del med i det som skjer innan politikken, både på riks- og kommunalt plan. Men han trur ikkje så mykje på kva politikarane seier, dei fer helst med lygn og fanteri, humrar han. Ikkje er det så nøye kven som styrer på inne i rådhuset i Rosendal heller, det er ikkje noko skilnad på det, seier han, vel vitande om at ordføraren i Kvinnherad så å seia er naboen hans.
– Så sant du slepp unna alvorlege sjukdomar og får behalda ei nokolunde tilfredsstillande helse, er det ikkje så ille å bli gammal. Det seier snart 97 år gamle Trygve W. Eikeland på Sunde. At høyrsel og syn er vorte litt dårlegare med åra, plagar han ikkje så mykje. Verre er det at han på grunn av ein dårleg rygg ikkje får stelt eigedomen sin lenger slik han ønskjer – før han fer herifrå.
Dessutan plagar det han at ungane hans har sine eigne hus på kvar sin kant av landet, og at heimen hans dermed kan koma på andre hender når han er borte. Den tanken likar ikkje Trygve.
Vi møter den gamle snikkaren, forretningsmannen og bygningsrådsleiaren i heimen hans på Opsanger, eit steinkast opp frå vatnet og med utsikt til Kaldestadåsen og Husnes. Det flotte gamle huset og løa på det vesle småbruket vart i si tid bygt av far til Trygve. Her førde han og kona, Dagny, slekta vidare og her vil Trygve bu så lenge han greier.
Med makt– Må eg flytta herifrå, så må det skje med makt, seier mannen, som i dag kan sjå attende på eit rikt og interessant liv i yrkesliv og politikk. Om høyrsels- og synssansane er dårlegare enn før, fungerer hovudet bra når han fortel om sitt lange og levde liv.
I dette lydintervjuet fortel Trygve om dramatikken han opplevde i Bergen under siste verdskrigen, blant anna då han heldt på å bli skoten av tyskarane. Mykje av det som hende den gongen vil 97-åringen helst berre gløyma.
Då likar han betre å snakka om då han arbeidde på verven og på Gravdal sin butikk på Skjeret. Der var han i 20 år før han fekk jobb som butikksjef i Husnes Elektro, i det første butikksenteret på Husnes. Medan han var der fekk han vera med på planlegginga og seinare oppbygginga av Torghuset, eit prosjekt mange meinte ikkje hadde livets rett.
– Men der tok dei skammeleg feil, seier Trygve Eikeland, som i dag ser tilbake på den tida som gode og interessante år i livet sitt. Hadde ikkje SØRAL kome til Husnes på 1960-talet, hadde bygdene her vore så å seia avfolka i dag, meiner han. Det var eit gode for heile kommunen at aluminiumverket vart etablert på Husnes.
BygningsrådetTrygve var leiar i Kvinnherad bygningsråd i mange år og har også ein periode i kommunestyret bak seg. Gjennom dette arbeidet kom han i kontakt med mange kjekke menneske. Den dag i dag kan folk koma bort til han når han er på butikken for å helsa på. Det set han stor pris på.
– Det er viktig for gamle folk å koma seg ut og sjå andre menneske og gjerne slå av ein prat om gamle dagar, seier Trygve W. Eikeland.
Han er glad for at bygdestriden mellom Husnes og Rosendal no så å seia er lagt død, og at det ikkje lenger er noko særleg snakk om at Kvinnherad sitt rådhus bør liggja i industribygda. Det betyr ingen ting kor rådhuset ligg, seier han.
Arnfinn Ølfarnes frå Utåker kan sjå attende på eit rikt liv, både som sjømann, innkjøpssjef og bonde. I leiligheten sin i Panorama Senter på Husnes, der han har god utsikt til aluminiumverket, reflekterer han no mest over det som har vore, og mindre over det som skal koma; slutten på livet.
– Eg er nøgd med livet eg har levd, og gler meg over å ha fått vore med og skapt noko her i Kvinnherad, seier 90-åringen i dette lydintervjuet. Han gløymer ikkje tida på SØRAL, og håpar at B-hallen snart kjem i produksjon igjen. Prisane er i alle fall på veg opp no, har han registrert.
Den tidlegare innkjøpssjefen er fødd og oppvaksen på eit lite småbruk på Ølfernes og budde der saman med foreldre og fire søsken. Garden gav føde til fem kyr, ein hest og borti tretti sauer. Og som vanleg var på den tida, måtte ungane tidleg læra seg å arbeida. Leik og anna moro vart det mindre av. Dessutan var det ikkje vanleg å gå nokon stad etter det som var rekna som vanleg arbeidstid. Men så var det då heller ikkje noko stort lagsliv på Utåker den gongen, etter det 90-åringen kan minnast. Først då han etter konfirmasjonen byrja på den nyskipa realskulen på Valen fekk han skikkeleg kontakt med andre ungdommar.
Etter eitt skuleår på Valen gjekk han det siste året på realskulen i Skånevik, og gjekk til sist opp som privatist i Haugesund etter å ha sykla den ni mil lange vegen til sildabyen.
Utdanning og arbeidEtter militærteneste både i Norge og i Tysklandsbrigaden tok Ølfarnes telegrafisteksamen og reiste i utanriksfart i 14 månader før han byrja på handelsskule i Bergen. Deretter venta studiar ved Handelshøgskulen i tre år. Han fekk jobb i eit reiarlag i Oslo, og etter kvart enda bondesonen frå Utåker opp i New York, der han var i tre år saman med kona og borna. Medan dei var der, kom tilbodet om jobb som innkjøpssjef på SØRAL, og familien flytte heim og busette seg på Ølfernes.
Arnfinn likte seg godt på aluminiumverket. Forutan å vera innkjøpssjef, fekk han seinare også ansvaret før økonomiseksjonen ved verket. Oppstarten frå 1965 og utover var ei hektisk nybrotstid for alle, både for dei som hadde arbeidet sitt der og for samfunnet rundt. Ølfarnes minnest dei første åra som ei tid med store omveltningar, stort gjennomtrekk av arbeidarar, ein del bråk og mykje nytt som skulle lærast.
Men etter kvart byrja det meste å normalisera seg både på verket og i bygda elles. Arnfinn er glad for å ha fått vore med på å byggja opp ein så stor arbeidsplass i Kvinnherad. Verre er det å sjå at den eine hallen framleis ikkje er i drift. Men den gamle innkjøpssjefen har tru på framtida for verket. Han er endåtil oppdatert om aluminiumsprisane på Børsen.
Eit godt livArnfinn ser også tilbake på eit liv som småbrukar på Ølfernes. Han overtok garden medan han enno arbeidde på SØRAL og dreiv bruket attåt jobben ved aluminiumverket. Det kunne bli lange dagar, spesielt når han måtte ut og reisa. I dag ser han tilbake på denne epoken av livet sitt som ei svært fin tid. Småbruket gav også kjærkome sysselsetjing etter at han vart pensjonist.
90-åringen har likt seg godt på Utåker i alle år, og har framleis gode vener der. Han har vore aktiv både i musikklaget, i Sjømannsmisjonen og i bedehusstyret. Nyleg vart han takka av i musikklaget etter 48 år som revisor!
No har yngre krefter overteke garden på Ølfernes, medan Arnfinn har flytta til Panorama Senter på Husnes. I den lyse og fine leiligheten trivst han godt og kjenner seg ikkje åleine. Ferdig middagsmat for heile veka får han levert på døra to gonger i veka av frivillige frå Dill AS på Halsnøy.
– Livet mitt er i grunnen ganske greitt som det er no, men helsa mi kunne jo vore betre, seier 90 år gamle Arnfinn Ølfarnes.
Klara Døssland likar seg godt heime på garden sin langt oppe i Uskedalen, og vil bu her så lenge ho kan. Ein plass på aldersheimen, slik fastlegen har tilbydd henne, ser ho i alle fall ikkje for seg.
– Han er ein kjekk kar, legen min, men eg måtte seia klart ifrå om at han ikkje måtte nemna det for meg fleire gonger, seier Klara i dette lyd-intervjuet. Med god hjelp av ei heimebuande dotter finst det ikkje betre plass å vera for eit gammalt menneske enn på Heio i Uskedalen. Her kan ho filosofera over liv og lagnad – og endåtil over striden rundt den kvinnelege presten i bygda.
Klara Døssland vart fødd på Øvre Fet for snart hundre år sidan. Der voks ho opp med mor og far og fire søsken. Faren døydde før ungane var konfirmerte, så dei måtte tidleg læra seg å hjelpa til på garden. Det var eit hardt og strevsamt liv, men mora var flink på alle måtar og gav ungane sine ein god oppvekst. Ho stilte endåtil opp og skreiv dikt når ungdomslaget i bygda skulle ha ei eller anna tilstelling.
– Jau, vi hadde ein god barndom, og mor vår klaga aldri, sjølv om ho sat trongt i det økonomisk, seier Klara. På den tida fanst det korkje barnetrygd eller morstrygd. Garden som familien dreiv var eigd av Baroniet, men etter kvart blei bruket sjølveigande. Det var stas, må vita.
Hugsar mykjeKlara gløymer ikkje barne- og ungdomsåra så lett. At ho blir hundre år til hausten merkast nesten ikkje medan vi sit og pratar i den lyse og fine stova på Øvre Døssland. Mangt sit som spikra i minnet. Spesielt tida i ungdomslaget, der ho hadde ein stor rolle i eitt av skodespela dei framførde, gløymer ho ikkje. Applausen frå publikum i Helgheim har følgt henne i mange år etterpå.
Eit anna minne frå den tida var då karane frå Musland kom berande på ølkaggane sine når dei skulle på dans. Tida på sildoljefabrikken i Beinavikjo etter at ho var konfirmert, gløymer ho heller ikkje.
I 1951 gifte Klara seg med Peder Døssland og dei flytte til garden på Heio. Han var sjømann og vart blant anna torpedert to gonger under krigen, hendingar som prega han livet ut. Han kunne vera ute i opptil to år om gongen og då hadde Klara alt ansvar for borna og garden åleine. Men ho har hatt god helse og godt humør, noko ho tilskriv barne- og ungdomsåra på Fet.
– Eg er helst seig, veit du, seier Klara, som ikkje tenkjer så mykje på korleis det skal gå til slutt. Det får koma det som skal, eg går ikkje rundt og grublar over slike ting. Prestestriden i Uskedalen derimot, har ho tenkt ein del på, og meiner det var toskaskap. Ho forstår ikkje at vaksne folk kan oppføra seg slik mot kvarandre, som dei gjorde den gongen. Det er rett og slett ei skam, meiner ho.
Ute i det velstelte tunet viser Klara oss både Englafjell, Nåso og Solfjell. Ho har vore på kvar einaste topp mange gonger. Her ligg nok noko av forklaringa på at ho er i fysisk bra form. Til hausten blir ho 100 år.
Då engelske fly gjekk til åtak på Slåtterøy fyr utanfor Brandasund i Fitjarøyane, der eit tjuetals tyskarar var stasjonerte under andre verdskrigen, måtte den då 5 – 6 år gamle Aslaug Torget, ei mindre syster og mora deira ro alt dei kunne for å unngå å koma i skotlina.
Alt medan dei såg og høyrde lyden frå bombeflya, kom dei seg inn i ei bergkluft og gøymde seg. Der låg dei til det stilna av. Seinare viste det seg at ei av bombene hadde truffe og drepe ei av døtrene til fyrvaktaren. Det gjorde eit sterkt og vondt inntrykk då den 17 år gamle jenta etterpå blei frakta til lands.
God oppvekstTrass i sterke minne frå krigens dagar, ser 82 år gamle Aslaug – i dag med etternamnet Torget Sjo – likevel tilbake på ein god oppvekst på øya Vikøy i Brandasund.
– Ja, eg hadde ein utruleg fin oppvekst, seier Aslaug i dette lydintervjuet. Sjølvsagt mangla dei alltid noko, spesielt under krigen, men dei svolt ikkje. Havet var fullt av fisk og det kunne dei eta kvar einaste dag om dei ville. Men kle og sko var det mindre av, det var mangelvare heile tida. Elektrisitet hadde dei berre så vidt høyrt om og innlagt vatn kunne dei berre drøyma om. Om vintrane måtte dei hogga den tilfrosne kjelda for å få tak i litt vatn.
Allereie då Aslaug var i femårsalderen lærte ho seg å ro, endåtil åleine. Det var stas for ei lita jente å få ro i ein liten robåt til butikken og heim att. Med ein nyfødd unge i huset og faren på arbeid frå morgon til kveld, var det ikkje anna råd enn at Aslaug måtte setja seg til årene om dei skulle få mat i hus.
Og då ho byrja på skulen to år etter krigsutbrotet delte ho og ein klassekamerat på å ro til skulestova på ei anna øy.
Store endringarI dag ser 82-åringen tilbake på eit svært interessant liv, med store endringar i samfunnet. Aslaug tykkjer ho har vore kjempeheldig som har fått opplevd så mykje. Dessutan er ho svært glad, kanskje òg litt kry, for å ha blitt så gammal. Derimot er ho litt i tvil om ho passar heilt inn i den nye tida, med alle endringane som skjer – på godt og vondt. Likevel håpar ho på at ho får bevara den gode helsa og bli skikkeleg gammal. Ho har enno mykje ugjort, spesielt innanfor eldreomsorga.
– Det er ikkje så ille å bli over 80 år viss ein berre er frisk, seier Aslaug.
Nyleg fekk ho Kvinnherad kommune sin Frivilligpris for 2016 etter å ha utført eit stort og viktig frivillig arbeid. Det var både overraskande og kjekt å få denne prisen, seier Aslaug i dette lydintervjuet.
From the publisher's feed