Skimtvis
Download on the App Store

Skimtvis episodes

  • Karoline Røssland: Eit langt liv på Kaldestad

    Karoline Røssland (snart 91) voks opp i små kår på ein liten gard på Bømlo i førkrigstida ilag med foreldre og sju søsken. Det var smått med pengar og faren var mykje ute på arbeid, slik mange andre måtte på den tida. Dermed blei det mora og ungane som tok seg av det meste heime, både ute og inne. Men Karoline minnest likevel barne- og ungdomstida som ei god tid i livet sitt.

    – Eg kan ikkje hugsa at vi var utan mat nokon gong, sjølv om vi levde under små kår, seier ho.

    Karoline fortel om oppveksten, ungdomstida og tida då tyskarane kom til Norge i 1940. Då var ho i huspost hjå ein familie på Stord, og fekk oppleva dramatikken på nært hald, med skyting, luftangrep og evakuering.

    I 1950 kom Karoline til Kvinnherad, som tenestejente hjå Johannes Haktorson, som dreiv butikk på Kaldestad. Her måtte Karoline òg hjelpa til når det var nødvendig. På denne tida trefte ho òg mannen sin. Ho var på dans i Friheim og fekk auge på ein flott og stram kar, Sæbjørn Røssland. Berre to år seinare gifte dei seg. I alle åra etterpå har Karoline budd i huset som mannen hadde bygt før dei to trefte kvarandre. Mannen døydde for snart åtte år sidan.

    Karoline ser i dag tilbake på eit aktivt og rikt liv, både då ho arbeidde på Husnes sjukeheim og i song- og lagslivet. Før jul låg ho på Husnestunet etter ein hjarteoperasjon på Haukeland, og opplevde helsestellet frå si aller beste side.

    Godt på sjukeheimen

    – Eg tykkjer ikkje synd på dei som får plass på sjukeheimen, nei, seier Karoline. Det er ingen oppbevaringsplass for gamle folk, slik nokon vil ha det til. Eg fekk god behandling av alle og hadde tilsyn av lege heile tida. God mat fekk eg òg, ja, seie ikkje det.

    Utviklinga på Husnes har vore eventyrleg sidan industrireisinga på 1960-talet, slår Karoline ettertrykkeleg fast. Einaste ho tykkjer har vore negativt, er at alle butikkane på Sunde er vekke. Eg kan ikkje forstå at det ikkje skal vera plass til ein matvarebutikk der ein gong, seier ho.

    – No har eg levd den lengste tida av livet mitt, og eg veit ikkje kor lenge eg har igjen, seier 90-åringen i dette lyd-intervjuet. Men ho tenkjer ikkje så mykje på slutten, det får koma når det kjem, seier ho ettertenksamt. Ho tar ein dag om gongen, og gler seg over ei god helse og at ho framleis får vera aktiv, og at ho har kjekke barn, barnebarn og oldebarn rundt seg. Strikking og skriving høyrer til hobbyane hennar.

    – Eg har det sutalaust og godt no, seier Karoline Røssland.

    https://skimtvis.no/innlegg/2017/1/25/eit-langt-liv-p-kaldestad

    30 min
  • Birgit Boland: Eit langt og allsidig liv

    Birgit Boland på Hatlestrand nærmar seg 96 år, og er det næraste vi kjem eit levande leksikon. I dette lyd-intervjuet fortel ho om korleis det var å veksa opp i Osa i Hardanger, som einaste barn i familien. Mora fødde i alt sju born, men seks av dei døydde etter berre nokre få dagar.

    – Det var ein tragedie, kan du vita, seier Birgit i intervjuet. Likevel snakka mor hennar aldri om at ho hadde mista så mange barn.

    Som ung jente fekk Birgit vera med budeiene til Osastølane for å passa på geitene om somrane. Seinare flytte familien til Hatlestrand, der faren kjøpte ein forfallen gard på Kirkhus.

    Den første tida på skulen var vond for Birgit. Ho snakka hardingdialekt og blei erta på grunn av dialekten sitt. Læraren gjorde ingen ting for å stoppa det.

    Birgit og mannen, Leif Boland, dreiv butikk på Gjermundshamn i mange år før sonen overtok. I dag har barnebarnet overteke drifta.

    Birgit er ein av 12 kvinnheringar som er med i boka Godt vaksen frå 2015.

    19 min
  • Bernt Kaldestad: Om livet på brislingfiske, og som pensjonist

    Sommaren 1939, før Bernt Kaldestad hadde fylt 18 år, fekk han jobb som kokk på ein fiskebåt, der han laga mat til tolv mann. Båten dreiv med brislingfiske i fjordane rundt om i Sunnhordland og Hardanger. I dette lydintervjuet fortel den no 93 år gamle Kaldestad om tida som kokk om bord. Han må ha greidd seg bra, etter det vi kan forstå, for han høyrde aldri nokon som klaga.

    Bernt Kaldestad er ein av 12 kvinnheringar som er med i boka Godt vaksen, som kom i 2015.

    https://skimtvis.no/innlegg/2015/6/11/om-livet-p-brislingfiske

    10 min

About Skimtvis

From the publisher's feed

Kristian Hus snakkar med folk i Kvinnherad og Sunnhordland som har noko å fortelja. På nettstaden Skimtvis.no finn du fleire lokale saker og intervju.