Sign up to save your podcastsEmail addressPasswordRegisterOrContinue with GoogleAlready have an account? Log in here.
Søvnpodden er SOVno sin podkast for alle som søv. Anten du sliter med søvnen, behandlar folk med søvnproblem eller berre vil lære litt meir om søvn så er dette podkasten for deg! Hosted on Acast. S... more
FAQs about Søvnpodden:How many episodes does Søvnpodden have?The podcast currently has 28 episodes available.
November 11, 2025Smerter og søvnI denne episoden har vi snakka med manuellterapeut Kjartan Vibe Fersum, som har lang erfaring med behandling av muskel- og skjelettplagar. Han jobbar ut fra ei heilhetlig forståing av smerte, der faktorar som søvn speler ei viktig rolle. Men korleis heng egentlig søvn og smerte samman? Og kvifor bør helsepersonell interessere seg for søvnen din når du søker hjelp for smerter? Det får du svar på i denne episoden. Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information....more31minPlay
October 22, 2025MørketidKorleis veit hjernen vår når vi skal sove og når vi skal vere våkne? Jo, den samarbeidar med auga for å stille den indre klokka etter dagslyset! Derfor er det kanskje ikkje så rart at mange kjenner på auka søvnighet når mørketida setter inn. I denne episoden snakkar Søvnpodden om kva som skjer med søvnen når haustmørkret kjem snikande. Vi snakkar om korleis lys påvirkar døgnrytmen, og gir konkrete råd for kva du kan gjere for å føle deg opplagt – til og med når dagene blir korte og mørke. Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information....more15minPlay
August 04, 2025Snudd døgnet i ferien?Kva er vel betre enn ferie og lange, varme og lyse sommarkveldar? Mange av oss forsinkar søvnen gjennom ferien, og då kan det vere veeeldig tungt å komme seg på jobb klokka 08:00 ein måndag morgon i august…I denne episoden snakkar Søvnpodden om kvifor søvnen vert forsinka i ferien, korleis vi kan unngå det, og kva vi kan gjere for å komme raskere tilbake til kvardagen når ferien er over. Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information....more15minPlay
July 01, 2025MelatoninMelatonin er no for salg reseptfritt, og vert brukt av fleire og fleire, men veit du egentlig kva melatonin er, og korleis det virker?I denne episoden har Søvnpodden hatt besøk av lege og søvnekspert Bjørn Bjorvatn som forklarer kva melatonin er, til kass type søvnproblem det bør brukast, og korleis. Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information....more28minPlay
May 27, 2025Søvnproblem, kor er hjelpa?Nasjonalt senter for søvnmedisin blir ofte kontakta av fortvilte pasientar som lurer på kor dei kan få hjelp til søvnproblema sine, og behandlarar som lurer på kor dei skal tilvise pasientane. Då er svaret vårt: «Det kjem heilt an på kva søvnproblem det er snakk om». I denne episoden av Søvnpodden snakkar vi om dei ulike søvnsjukdommane, korfor dei krev ulik tilnærming og kva medisinske spesialitetar som kan hjelpe. Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information....more22minPlay
April 16, 2025Søvn og psykisk helseMange med psykiske lidelsar opplev at søvnen er forstyrra. Lite og dårlig søvn påvirkar psykiske helse - dårlig psykisk helse kan óg føre til søvnvansker.I denne episoden har Søvnpodden hatt besøk av psykolog og søvnekspert Ane Wilhelmsen-Langeland. Vi snakker om kass søvnproblem som er vanligast ved psykiske lidelsar, som angst og depresjon. Kva som er riktig behandling og kva du kan gjere sjølv for å sove bedre og kanskje óg få bedre psykisk helse. Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information....more25minPlay
March 27, 2025Søvn og stressSøvn og stress heng tett saman. Stress kan gjere det vanskelig å sove, samtidig som lite søvn kan gjere oss stressa. I denne episoden har Søvnpodden hatt besøk av stressforskar Anette Harris. Vi snakkar om kva stress er, korleis det heng samman med søvn, og korleis vi kan bruke denne samanhengen til vår fordel. Sliter du med søvn kan det nemlig hjelpe å ta grep for å redusere stress, medan fokus på gode søvnvaner kan gjere stresset lettare å handtere. Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information....more26minPlay
March 14, 2025Hva er søvnhelse?Kvart år i mars markerar vi Verdens søvndag over hele globen/plata, for å framme bevisstheit om søvnen sin betydning for helse og velvære. Tema for 2025 er «Make sleep health a priority», som på norsk vil sei noko sånt som «Prioriter søvnhelsa di». Men kva er egentlig søvnhelse? I denne mini-episoden av Søvnpodden, spelt inn i anledning Verdens søvndag, snakkar vi søvnhelse: Kva er det, korleis ivaretar vi det, og kvifor er det viktig? Gratulerer med (søvn-)dagen! Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information....more12minPlay
March 06, 2025Pustestopp og CPAPSøvnapné betyr pustestopp under søvn, og det er jo ikkje særlig gunstig for søvn og helse. Heldigvis finst det veldig god behandling! CPAP er ei maskin som, via ein slange og ei maske, blåser (forsiktig) luft inn i nase og munn for å halde luftvegane opne når du søv. I denne episoden fortel lungesjukepleiar Hilde Tveit deg alt du treng vite om CPAP, anten du nettopp har fått diagnosen søvnapné og skal starte behandling, eller du er ein erfaren CPAP-bruker, eller om du deler soverom med nokon som bruker CPAP. Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information....more34minPlay
March 06, 2025Bonusepisode: Spørsmål og svar om CPAPDenne bonusepisoden er spesielt for deg som bruker CPAP, kjenner nokon som bruker CPAP, eller jobbar med nokon som bruker CPAP. Alle andre kan finne seg noko anna å høyre på. I bonusepisoden svarer lungesjukepleiar Hilde Tveit på vanlige spørsmål om alt frå bruk av CPAP, kva behandlinga inneberer, korleis du vedlikeholder CPAP-utstyret, korleis du reiser med CPAP, og heilt til dei mest vanlige problemema knytt til bruk av CPAP. Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information....more21minPlay
FAQs about Søvnpodden:How many episodes does Søvnpodden have?The podcast currently has 28 episodes available.