– Om vi ikkje snakkar saman, står vi att med valden, seier Nordens podkastdronning Hilde Sandvik.
Å fortelje er eit urmenneskleg instinkt frå førskriftlege tider. Med oppsvinget av munnlege format, som podkastar med trufaste lyttarskarar og tiktokarar som påverker val, kan ein hevde at den munnlege forteljinga har fått ein renessanse.
Lagar podkastarane munnleg forteljekunst? Og korleis kan vi navigere kreftene som kjempar om merksemd og makt, væpna med forførande endetidsforteljingar?
I dette intervjuet snakkar redaktør i Tidsskriftet Jaja Tora Hope med Hilde Sandvik om makt, endetidsforteljingar og forteljekunst, bygd og sentraliseringskraft, og om tillit og tvisyn i ei skråsikker tid.
Sandvik er journalist, debattant og programleiar for podkasten Norsken, svensken og dansken.
Ho er tidlegare kultur- og debattredaktør i Bergens Tidende, har vore redaktør for Syn og Segn, gitt ut bok om hersketeknikkar og grunnlagt den nordiske plattformen Broen.xyz.
Episoden er produsert av Viljar Losnegård.
Musikk av MuteMode.
Lydstudio ved Preform og Tekstallianse.
Foto: Rahi Rezvani.
Opptak er gjort 12. desember 2025.
Les Jaja på tidsskriftetjaja.no.
Jaja er eit norsk tidsskrift om og med forteljekunst, som skal få fram meir allsidige forteljingar frå bygd og by. Utgjevar er Jakob Sande - senter for forteljekunst.