For sjuande fredag på rad demonstrerar palestinarar i Gaza, og fleire er drepne etter at Israel har svart med skarpe skot.
Kva vil demonstrantane, og kvifor held Israel fram med å svare med så harde middel når dei får kritikk frå fleire hald, deriblant FNs menneskerettssjef?
Tidlegare sjef for Kirkens Nødhjelps kontor i Jerusalem, Liv Snesrud, svarer på desse og fleire andre spørsmål i denne ekspertpraten. Der fortel ho også om kva som skjedde då ho vart kasta ut av Israel tidlegare i år.