Nytt håp om gjennombrot i atomforhandlingane med Iran - samtalane held fram i Genève i dag.
Det er 75 år sidan Krystallnatta - vår reporter i Berlin har nye opplysningar om påskotet nazistane brukte for sine herjingar i 1938.
Millionar av amerikanarar mistar helseforsikringa si - Obama er på nytt i hardt vêr på grunn av helsereforma
Skandaleval i den serbiske delen av Kosovo til trass- ekspertane kallar valet ein milepæl.
I Storbritannia er det sexskandalane som står i fokus - to tidlegare redaktørar for avisa News of the World står tiltalt for avlytting - vi får siste sladder frå London.
Moskvakorrespondent Hans-Wilhelm Steinfeld sender ei sjakkhelsing til Magnus Carlsen som i dag skal kjempe om verdsmeistertittelen i India.
Og Amerikanarane har eit ambivalent forhold til døden, DET får vi høyre i korrespondentbrevet til Gro Holm heilt i slutten av sendinga.
Vel møtt til Verda på laurdag - eg heiter Roger Sevrin Bruland og skal guide deg gjennom aktuelle utanrikspolitiske saker den neste timen. Hør episoden i appen NRK Radio