BOBcast

#327: Litterær lunsj med Tormod Haugland


Listen Later

I denne litterære lunsjen møter du forfatter Tormod Haugland. Han leser høyt fra sin siste bok "Om livet på jorda", og snakker om prosessene bak denne og om sitt forfatterskap generelt. OBS: Lydopptaket hadde skader og er blitt restaurert i etterkant, podcasten har derfor noe lavere lydkvalitet.
"Eg visste ikkje då at det var ei hulder eg såg, det skulle gå opp for meg langt seinare. Men kjensla av at det ikkje var ei vanleg kvinne, hadde eg i meg frå det fyrste. Og ho må ha hatt denne kjennskapen til livet, som er vanleg hjå mange menneske, det at ein kan vise interesse opp til ei viss grense, men stig ein over, så har ein gått for langt. Visse vegar kan ein ikkje snu på, vegar utan retur."
Eit liv kan forteljast i mange ulike versjonar. Om livet på jorda er forteljinga om kunstnaren og bondesonen Tormod som ung mann, der visse syn - som det fyrste møtet med huldra i skogen - får ein sterk innverknad på tilhøvet hans til omgjevnadene, til kvinner, skule og læring, til det å tenkje. I tenåra er Tormod kritisk til menneska og til livet på jorda, til industrien og masseproduksjonen og eit liv i den elektriske tidsalderen. Han skal vise at han er ein mann som kan arbeide. Tormod får tidleg ei kjensle av at han lever under ei von om kven han skal vere. Temperamentet hans er som ei skiftande kraft, ei ulmande glo som brått kan ta fyr og slå ut i rasande eld.
Tormod Haugland har hausta strålande kritikkar for dei siste romanane sine. Med sterk forteljeglede, underfundig humor og stor fridom i assosiasjonane har Haugland skapt seg ei djupt original form for sjølvbiografisk dikting. Om livet på jorda handlar om ungdomstid, kjærleik, seksualitet og skulegang. Men det er også ein roman om framandskap i ulike former, og om tilhøvet mellom levande og død. (Oktober forlags omtale).
Opptak fra Bergen Offentlige Bibliotek den 12. oktober 2021.
...more
View all episodesView all episodes
Download on the App Store

BOBcastBy Bergen Off. Bibliotek


More shows like BOBcast

View all
Giæver og gjengen by VG

Giæver og gjengen

23 Listeners

Aftenpodden by Aftenposten

Aftenpodden

44 Listeners

Krisemøter by Moderne Media

Krisemøter

18 Listeners

Minervapodden by Nettavisen Minerva

Minervapodden

6 Listeners

Rekommandert by HENRI & Acast

Rekommandert

12 Listeners

Forklart by Aftenposten

Forklart

101 Listeners

Wolfgang Wee Uncut by Wolfgang Wee

Wolfgang Wee Uncut

40 Listeners

Oppdatert by NRK

Oppdatert

32 Listeners

Stavrum & Eikeland by Nettavisen og Bauer Media

Stavrum & Eikeland

7 Listeners

Historier Som Endret Verden by Gjenklang & Acast

Historier Som Endret Verden

6 Listeners

Den politiske situasjonen by Dagens Næringsliv & Acast

Den politiske situasjonen

14 Listeners

Det Store Bildet by Brandpeople og Bauer Media

Det Store Bildet

8 Listeners

Trygdekontoret by NRK

Trygdekontoret

5 Listeners

MÍMIR&MARSDAL by Manifest Media

MÍMIR&MARSDAL

10 Listeners

Flymodus med Bernt Hulsker by Batong Media & Acast

Flymodus med Bernt Hulsker

1 Listeners