Litteraturhusets podkast

Arbeidarhjerte: Carl Frode Tiller og Eivind Hofstad Evjemo


Listen Later

Carl Frode Tiller er kjend for dei djuptpløyande karakterportretta sine og sitt skarpe blikk for klasseskilje, ofte skildra med svart humor, ømheit og eksistensiell smerte. I sin nyaste roman Arbeidarhjerte tar han oss inn i eit velkjent Tiller-landskap.

Trond har mista grepet. Han har mista jobben, skilt seg frå kona og glir meir og meir frå dei to døtrene sine. Han, som veks opp i eit typisk arbeidarklassemiljø, og jobba hardt for å sikre seg alle moglegheiter, kjenner ikkje att det Noreg han ser rundt seg. Korleis vart det slik? Korleis kan han finne att sin plass i verda og kjempe for ein stad der han ikkje lenger kjenner seg velkomen?

Arbeidarhjerte er ei skildring av ei familiekrise og ei eksistensiell krise, om ein familiefar som vil godt, men som balar med ein krypande desperasjon og destruktive mønster av forakt og skam. Det er også ei forteljing om Noreg i dag, om arbeid og klasse.

Carl Frode Tiller har etablert seg som ei markant stemme i skandinavisk samtidslitteratur. Sidan debuten Skråninga i 2001 har han skrive djupe psykologiske portrett og velkomponerte, rike tverrsnitt av tida vi lev i, mellom anna i trilogien InnsirklingArbeidarhjerte er også venta å få eit band to, og saman vil romanane danne eit større verk om eit Noreg i endring og eit sosialdemokrati i forfall, der Tiller også nytta delar av si eiga familiehistorie.

Ein annan portrettør av det særnorske er forfattarkollega Eivind Hofstad Evjemo, som i sine siste utgivingar Den nye årstida og Ingens herre tematiserer omveltingane i det industrielle landbruket. No møtast dei til ein samtale om viljen til å bore i det ubehagelege, om sosial arv, utanforskap og eit Noreg i endring.

Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

...more
View all episodesView all episodes
Download on the App Store

Litteraturhusets podkastBy Stiftelsen Litteraturhuset

  • 5
  • 5
  • 5
  • 5
  • 5

5

1 ratings


More shows like Litteraturhusets podkast

View all
Verdibørsen by NRK

Verdibørsen

8 Listeners

Morgenbladets podkaster by Morgenbladet

Morgenbladets podkaster

3 Listeners

Giæver og gjengen by VG

Giæver og gjengen

24 Listeners

Aftenpodden by Aftenposten

Aftenpodden

47 Listeners

Krisemøter by Moderne Media

Krisemøter

20 Listeners

Minervapodden by Nettavisen Minerva

Minervapodden

6 Listeners

Forklart by Aftenposten

Forklart

113 Listeners

Wolfgang Wee Uncut by Wolfgang Wee

Wolfgang Wee Uncut

48 Listeners

Drivkraft by NRK

Drivkraft

10 Listeners

Tut & Mediekjør by Lyder Produksjoner & Acast

Tut & Mediekjør

2 Listeners

Norsken, svensken og dansken by NRK

Norsken, svensken og dansken

1 Listeners

Den politiske situasjonen by Dagens Næringsliv & Acast

Den politiske situasjonen

14 Listeners

Trygdekontoret by NRK

Trygdekontoret

5 Listeners

MÍMIR&MARSDAL by Manifest Media

MÍMIR&MARSDAL

11 Listeners

Dannet uten piano by Nadina Bouhlou, Helena Brodtkorb & Acast

Dannet uten piano

8 Listeners