Audeland

Audeland

By Fredag & FretlandComedy
Download on the App Store

Audeland episodes

  • #57 – Be the Alfhild in the room
    Hei folkens! Mariell og Jostein diskuterer sommaren, og Jostein klarer som vanleg ikkje å gjera det på ein normal måte, utan at det på eitt eller anna vis handlar om menneskeheitis framhaldne eksistens i verdi. Korleis orkar nokon å vera gift, og til og med avle, med dette mennesket? Ingen veit!
    For ekstra-innhald, fylg Mariell på patreon.com/hjartesmil! Audeland er ein podcast av Mariell Øyre og Jostein Avdem Fretland. Opptak og klypp: Jostein Avdem Fretland. Intromusikk: «vákr» av fivrel (the drawing board, 2016).
    52 min
  • #56 - Teikneserieversjonen
    Mariell og Jostein er attende for å sparke inn vidopne låvedører, slik berre me kan. Visste de at bedrifter har som mål å overleva? Eller at ein gard inneheld mange ulike typar liv? Eller at ti år gamle betrevitarar er irriterande? Du høyrde det her fyrst!
    For ekstra-innhald, fylg Mariell på patreon.com/hjartesmil! Audeland er ein podcast av Mariell Øyre og Jostein Avdem Fretland. Opptak og klypp: Jostein Avdem Fretland. Intromusikk: «vákr» av fivrel (the drawing board, 2016).
    36 min
  • #55 – Éinstjerners review
    Våren spissar seg til, og di travlare me blir, di meir høgtflygande blir Jostein sitt tankespinn. Finn han fram til jordi nokon gong? Kva er eigentleg Mariell sin beef med Kulturrådet? Lytt til den nye episoden og finn ut!
    For ekstra-innhald, fylg Mariell på patreon.com/hjartesmil! Audeland er ein podcast av Mariell Øyre og Jostein Avdem Fretland. Opptak og klypp: Jostein Avdem Fretland. Intromusikk: «vákr» av fivrel (the drawing board, 2016).
    38 min
  • #54 - Jostein, dette finn ikkje eg meg i!
    Hei! Me leverer ein sjeldan eittema-podcast i dag, når Jostein kjenner behovet for å tala ut om nokre nye kjensler han har fått for... roboten sin. Nei, dette er ikkje plottet til filmen «Her», det er det verkelege livet i 2023. Eller iallfall ein slags auto-generert variant av det verkelege livet. Me er ikkje sikre. Men me har kjensler kring emnet. Begge to. Okei, no er det nok! STOP GENERATING!
    For ekstra-innhald, fylg Mariell på patreon.com/hjartesmil. Audeland er ein podcast av Mariell Øyre og Jostein Avdem Fretland. Opptak og klypp: Jostein Avdem Fretland. Intromusikk: «vákr» av fivrel (the drawing board, 2016).
    51 min
  • #53 - Kviledagen
    Hei, og velkomne til sjølvmotseiinganes land, der me feirar kviledagen ved å spela inn ein heil podcast om kviledagen og kvifor me må ta vare på kviledagen og ikkje til dømes spela inn podcastar på han! Mariell fortel om ei bok ho les, noko som igjen reiser det gamle spørsmålet: Har Jostein kapasitet til glede? Lytt, så får du høyre!
    For ekstra-innhald – inkludert ny ekstra-podd denne veka! – fylg Mariell på patreon.com/hjartesmil. Audeland er ein podcast av Mariell Øyre og Jostein Avdem Fretland. Opptak og klypp: Jostein Avdem Fretland. Intromusikk: «vákr» av fivrel (the drawing board, 2016). Gjestespel av Christine Schwarz og Fredrik Høstaker, i rollene som høvesvis Chrostein og Fariell.
    55 min
  • #52 - Eit bibliotek av pet peeves
    Hei, alle saman! Mariell og Jostein diskuterer pet peeves, der Mariell i eit metaperspektiv definitivt kjem fram til at hennar store pet peeve, når alt kjem til alt. Me diskuterer òg AI, som Jostein endeleg har fått gjort til ein så stor og dominerande del av prokrastrineringi si som han har drøymt om i månadsvis.
    Denne veka er det òg ny ekstrapodd på Patreon, der me går litt djupt til verks, så det kan vera verdt å få med seg, på patreon.com/hjartesmil! Audeland er ein podcast av Mariell Øyre og Jostein Avdem Fretland. Opptak og klypp: Jostein Avdem Fretland. Intromusikk: «vákr» av fivrel (the drawing board, 2016).
    55 min
  • #51 - The world's biggest hug (m/Caitlin M)
    Velkomne til Audeland – på engelsk! Me har invitert med oss veninna vår Caitlin, til å bable med oss om London, livet og venskapen! Ho utfordrar oss òg til å gjera ein live-analyse av kva retning livet hennar bør ta, ein sjanse me sjølvsagt grip med båe hender, hobbypsykologiserarar som me er!
    56 min
  • #50 - Anti-gentleman
    Det er valentinsdag, det er vår femtiande podcast, og me er i alle slags romantiske humør på podcasten. NEIDA, berre kødda, me er akkurat like barnslege og kjeklete som me pleier, ja – kanskje litt verre enn vanleg, faktisk. Og kva er ein anti-gentleman, spør du? Lytt, og finn ut!
    For ekstra-innhald, fylg Mariell på patreon.com/hjartesmil! Audeland er ein podcast av Mariell Øyre og Jostein Avdem Fretland. Opptak og klypp: Jostein Avdem Fretland. Intromusikk: «vákr» av fivrel (the drawing board, 2016)
    39 min
  • #49 - Mont Blanc (ja, den var god!)
    Velkomne til Audeland! Eg har ikkje tid til å skrive noko fornuftig her, for eg er sjå sjukt desp etter å få publisert episoden medan det framleis er denne veka og EG HAR BERRE FØRTIEITT MINUTT ATT, men me diskuterer kjensler om born og sjukdom, irsk litteratur og ... twist? Skjønar framleis ikkje kva som skjedde der, men sånn er det på ein fullstendig uredigert pod – han går dit han går! Godspeed!
    For ekstra-innhald, fylg Mariell på patreon.com/hjartesmil! Audeland er ein podcast av Mariell Øyre og Jostein Avdem Fretland. Opptak og klypp: Jostein Avdem Fretland. Intromusikk: «vákr» av fivrel (the drawing board, 2016).
    46 min
  • #48 - Éi storesyster og éin irriterande minstebror
    Mariell og Jostein er attende, og me får høyre kva som skjer når Jostein prøver seg på den mest irriterande catchphrasen i moderne norsk samlivshistorie. Me snakkar òg om behovet vårt for å kulturelt distansere oss frå foreldri våre, og kvifor det kan vera lurt å ikkje berre akseptere at ein ikkje klarer noko no, sjølv om ein ikkje klarte det før. Var det ein trippel negativ? Trur eg prøver å seia: You can do it, babe!
    For ekstra-innhald, fylg Mariell på patreon.com/hjartesmil! Audeland er ein podcast av Mariell Øyre og Jostein Avdem Fretland. Opptak og klypp: Jostein Avdem Fretland. Intromusikk: «vákr» av fivrel (the drawing board, 2016).
    48 min

About Audeland

From the publisher's feed

Eit gamalt ektepar.