Audeland

Audeland

By Fredag & FretlandComedy
Download on the App Store

Audeland episodes

  • #47 - Glad med heile meg
    Glad med heile meg? Det må vera forbipasserande! Mariell & Jostein diskuterer dei heilage nynorskinstitusjonane og kvifor det kan vera viktig av og til å få stadfesting utanfrå på at du ikkje er fullstendig delusional om kva du kan. I tillegg snakkar me om Osjlo, og ikkje minst forholdet vårt til shopping og ting, som verkar til å vera ... i endring? Er me ikkje material girls lenger? Tune in, så får du veta!
    For ekstra-innhald, fylg Mariell på patreon.com/hjartesmil! Audeland er ein podcast av Mariell Øyre og Jostein Avdem Fretland. Opptak og klypp: Jostein Avdem Fretland. Intromusikk: «vákr» av fivrel (the drawing board, 2016).
    54 min
  • #46 - Meir aude enn nokon gong
    Velkomne attende til Audeland! Me har hatt ein lengre pause, men er tilbake, med friske innsikter, nye og forbetra problem og sjølvsagt masse tull og tv å snakke om. Og NY COVER ART! Er me ikkje søte? Sei at me er søte då!
    For ekstra-innhald, fylg Mariell på http://patreon.com/hjartesmil! Audeland er ein podcast av Mariell Øyre og Jostein Avdem Fretland. Opptak og klypp: Jostein Avdem Fretland. Intromusikk: «vákr» av fivrel (the drawing board, 2016).
    51 min
  • #45 - Good evening, Europe!
    Me snakkar om Nøtteknekkaren, og før de faktasjekkarane tek til å skrive inn: Nei, Tsjaikovskij døydde ikkje av blodforgifting, han drakk skite vatn, så han døydde av kolera. Teit uansett!
    Utanom kunstferdige måtar å drepa seg på, snakkar me om Eurovision-finalen, å laga mat til og med ungar og filmprosjektet vårt, der me denne veke har sett heile tre filmar; «Bring It On»(2000), The French Dispatch (2021) og «Wonder Woman 1984» (2020).
    Ein podcast av Mariell Øyre og Jostein Avdem Fretland. Opptak og klypp: Jostein Avdem Fretland. Intromusikk: «vákr» av fivrel (the drawing board, 2016).
    36 min
  • #44 - Den mest sexy podcasten nokon gong
    Me er tilbake! Med sexy, forkjøla røyster, eit splitter nytt bakeri og eit heitt litterært talking point som Mariell clearly har gledd seg til å ta opp. På band. Eit skite triks? Kanskje, men i kjærleik og podcasting er alt lov. Velkomne inn!
    Ein podcast av Mariell Øyre og Jostein Avdem Fretland. Opptak og klypp: Jostein Avdem Fretland. Intromusikk: «vákr» av fivrel (the drawing board, 2016).
    43 min
  • #43 - Fritt Ord, høyrer de dette?
    Mariell og Jostein tek føre seg dei individuelle historiene til bøker som fysiske objekt, den italienske melodi grand prix-ekvivalenten SanRemo og snublar inn i ein overraskande utfordrande samtale om korleis livet vårt kunne sett ut, om me budde ein annan stad. Kven sa at me ikkje tek dei vanskelege samtalane? Ikkje me iallfall!
    Ein podcast av Mariell Øyre og Jostein Avdem Fretland. Opptak og klypp: Jostein Avdem Fretland. Intromusikk: «vákr» av fivrel (the drawing board, 2016).
    48 min
  • #42 - Friminutt
    Foreldri til Jostein er borte, så ungane steller heime åleine, medan Mariell og Jostein spelar inn podkast. Kan dette gå bra? Sjølvfylgjeleg ikkje! Men innimellom avbroti får me diskutert ungars oppfatning av tid, kjendisdødsfall og tanken på å reise nokon stad igjen. Me prøvde òg å snakke oss gjennom dei siste tre bøkene Mariell har lese, nemleg «A Year of Magical Thinking» av Joan Didion, «Malibu Rising» av Taylor Jenkins Reid og... kva var den siste? Nei, så langt kom me aldri!
    Ein podcast av Mariell Øyre og Jostein Avdem Fretland. Opptak og klypp: Jostein Avdem Fretland. Intromusikk: «vákr» av fivrel (the drawing board, 2016).
    54 min
  • #41 – Alt kan ikkje vera fornuftig
    Audeland er attende med ein nye episode, full av «vill spekulasjon og ugrunna meiningsytring» – Jostein sine ord, ikkje mine! Me diskuterer Kongehuset, den ljose sida av jantelova (?) og det nye prosjektet vårt for å få sett – minst – tolv filmar i 2022! Den fyrste me har sett er «A Bigger Splash», av Luca Guadagnino, med Ralph Fiennes i ei ganske spektakulær hovudrolle.
    Ein podcast av Mariell Øyre og Jostein Avdem Fretland. Opptak og klypp: Jostein Avdem Fretland. Musikk: «vákr» av fivrel (the drawing board, 2016).
    34 min
  • #40 – Liksom eit slags bokbad
    Godt nyttår! Mariell og Jostein tek ein pause frå bakeriførebuingane, for å finne ut kva for éi av dei mange bøkene Mariell har lese nyleg som skal bli Jostein si neste post-reformatoriske leseoppleving. Me får høyre om bøker av mellom andre Johanna Lockwood, Monica Isakstuen, Sally Rooney, Ingvild Rishøi, Marit Eikemo, Haruki Murakami og St. Augustin av Hippo.
    Ein podcast av Mariell Øyre og Jostein Avdem Fretland. Opptak og klypp: Jostein Avdem Fretland. Musikk: «vákr» av fivrel (the drawing board, 2016).
    50 min
  • #39 – Jeanette Marie (m/familien Øyre)
    I Audeland vågar me som vanleg å ta debatten, med modige Fritt Ord-fiskande diskusjonsspørsmål som: Oppdreg me små kapitalistar? Korleis veit du om du har valt rett namn på ungane dine? Kva skal ein baka til jul i år? For dette og mykje meir – primært om Mozell – lytt til Audeland i dag, på di podcast-plattform. Viss di podcast-plattform er Apple eller Spotify. 'Cause we're lazy like that.
    Ein podcast av Mariell Øyre og Jostein Avdem Fretland. Opptak og klypp: Jostein Avdem Fretland. Musikk: «vákr» av fivrel (the drawing board, 2016).
    55 min
  • #38 – Så parodisk og så korrekt
    Mariell og Jostein obduserer julebordsopplevingi frå kvelden før, skryter av den nye vindaugspussaren sin og drøfter i detalj Mariell sin klesstil – kva han uttrykkjer og korleis han blir som han blir. Dei har òg sett 2 – to – julefilmar! Og hugsar nesten kva dei heiter!
    Ein podcast av Mariell Øyre og Jostein Avdem Fretland. Opptak og klypp: Jostein Avdem Fretland. Musikk: «vákr» av fivrel (the drawing board, 2016).
    51 min

About Audeland

From the publisher's feed

Eit gamalt ektepar.