Stadig fleire vil låne bøker utan ord. Biblioteket opplever auka interesse både for ordlause bøker generelt og arrangement der såkalla "stille bøker" blir formidla. Kva er eigentleg ordlause bøker, og kven er dei for? Bli med Barn og Bøker på eit djupdykk inn i dei stille bøkenes univers saman med formidlar Mariell Wilhelmsen Vågen.
Medverkande: Mariell Wilhelmsen Vågen, formidlar for barn ved Bergen Offentlige Bibliotek, og produsent/reporter Eli Fossdal Vaage.