
Sign up to save your podcasts
Or


For å kunne gjennomføra oppdraget som Jesus har gjeve kyrkja, må kristne fyllast med og utrustast med kraft frå himmelen, gjeven ved Den Heilage Ande.
Den Heilage Ande endrar folks karakter slik at ein sluttar å leva etter sine lyster og jobba for sine eigne interesser, og begynner å leva etter Guds vilje og for å fremja hans interesser i verda.
Den Heilage Ande er Gud. Han vart sendt til jorda for å overtyda folk om at Jesus er sann Gud, at han lever og at me berre kan koma til Gud gjennom han.
I den gamle pakt vart dei som synda mot lova straffa, ofte med død. Det var langt mellom fengsla i den tida. Men evangeliet er ein bodskap om at alle som trur på Jesus blir immune mot lova, og kan aldri straffast etter lova. Men dei som forkastar Kristus og hans frelse, vil bli dømt både for DET og for alle sine lovbrot.
I Johannesevangeliet vert Jesus kalla Ordet. Han er det Guds ord som verda vart skapt av, ved og til, og han er det som held alt saman oppe til dommens dag.
Hadde Jesus berre vore menneske, kunne han ikkje ha dødd for alle. Hadde han berre vore Gud, kunne han ikkje døydd i det heile tatt. Men som Gud og menneske kunne han stilla seg ansvarleg for heile menneskeætta, og døy for alle.
Å lovsynga Jesus er rett også når det ikkje er lystbetont. Det er rett andsynes Gud, og det gjev Gud ei plattform til å utøva sitt herredømme på jorda ut frå.
At Gud er heilag betyr at det er HAN som definerer kva som er rett og galt her i verda.
For å få tilgjeving for syndene, må me venda om til Jesus og lukka han inn i hjarto våre. Tilgjevinga ligg i han, og er me kopla til han, har me tilgjeving, samfunn med Gud og evig liv.
From the publisher's feed