
Sign up to save your podcasts
Or


I dette avsnittet skildrar Paulus menneske slik det er utan Gud, og kor ille det kan gå med oss moralsk om me blir overlatne til oss sjølve.
Dette avsnittet skildra kva som skjer i kulturar som har snudd ryggen til Guds lover eller naturretten.
Avsnittet frå 1,18-3,20 er blitt kalla "den negative grunngjevinga for evangeliet." Det skildrar korleis menneskelivet er utan Jesus og Den Heilage Ande. Det er dette me vil bruka tid på dei komande dagane. Det eksisterer litt lys og håp også i dette avsnittet, men stort sett ribbar det oss menneske frå alt stort og stolt som reiser seg i oss mot kunnskapen om Gud.
Paulus skamma seg ikkje over evangeliet, men forkynte det modig over alt han kom. Han visste at det ikkje er andre måtar for eit menneske å bli frelst på enn ved å tru på Jesus, og difor var maktpåliggjande for han å få bodskapen ut til alle kven dei enn var.
Ved trua på Jesus blir med kvitt alt me skuldar Gud pga våre synder. Samstundes kjem me inn i ein situasjon der me skuldar alle menneske å informera dei om at dei også kan bli frelste ved å tru på Jesus, slik som oss. Det bestemmer innhaldet for resten av liva våre.
Kvifor driv me misjon? For at Jesus skal få ære frå alle menneske som han har skapt og døydd for, for at han hans rike skal fortrenga djevelens rike i heile verda.
Å vera kristen er to ting: Å vera mottakar av Guds nåde, og å vera ein forvaltar av den same nåden.
Djevelen tilbyr snarvegar til lukke gjennom ulydnad. Det endar med sorg og elende
Gud leverer sann og varig lukke til alle som lyder han.
Heilt i starten av dette brevet blir kjernepunktet i den kristne trua presentert: Gud vart menneske i Jesus Kristus for å sameina alle mennesker med seg.
Knapt noko dokument har hatt så stor betydning for verdas utvikling og for menneska på jorda som Romarbrevet. Her er nokre innleiande betraktningar
From the publisher's feed