
Sign up to save your podcasts
Or


Gud passar på sine barn. Han ser til at trua vår ikkje tek skade. Men han fordrar også av oss av me tek vare på oss sjølve og brukar dei midla han har gjeve oss for at trua vår skal bli verande sunn og frisk.
Når me vel å bli frelst ved å tru på Jesus og ikkje ved lovgjerningar, kjem me til sjuand og sist til å stadfesta at lova er sann, god og verd å følgja.
Vers 21 markerer eit vendepunkt i Romarbrevet. Frå no av og ut kapittel 8 er det Guds rettferd ved trua på Jesus det handlar om, det som me kallar sjølve evangeliet. Her blir alt ein truande har gjort, og strekt seg etter, av det som gale er, annulert, og syndaren får skjula all si skam i Kristi rettferd. Det ei gåve frå Gud utan sidestykke.
Menneska kan oppføra seg fint og vera veldig sympatiske. Men under overflata ulmar vonde krefter. Difor vert ingen rettferdige for Gud ved gjera det lova krev på ytre plan, for skal me vera rettferdige for Gud, må me vera heilt utan latent vondskap. Det er ingen.
Jødane har fått mange fordeler hos Gud. Men med dei mange fordelene følgjer det eit stort ansvar. Det har dei ikkje alltid forvalta på den beste måten, men godt nok til at alle me heidningar kan gleda oss over Guds frelse i Jesus Kristus, og over å få vera Guds barn av nåde.
Jøde i jordisk forstand og åndeleg forstand er to ulike ting. Jødefolket har fått retten til Israels land hos Gud. Dei som har teke imot Jesus som frelsar og Herre, er blitt jødar i åndeleg forstand og har fått retten til Guds evige rike.
Jødane blir ikkje frelst i kraft av å vera det folket som fekk Guds lov. Skal dei bli frelst ved lova, må dei halda henne til punkt og prikke. Jødane tenkte nok at dei var privilegerte som var blitt utvald av Gud som det folket han skulle openberra seg for verda gjennom, og det var dei på sett og vis, men det dei ikkje alltid tenkte på var at Gud stilte høgare krav til dei enn til nokon andre. Difor har deira historie vorten veldig krunglete.
Ingen kan bli frelst ved å følgja åndelege og etiske lovar og reglar. Lovene og reglane kan ikkje forandra eit menneske på innsida. Det kan berre evangeliet om Jesus Kristus
Å vera menneske er å vera ansvarleg for sine handlingar innfor Gud, og ein dag kjem oppgjeret. Då skal alle som har vore gode og søkt herlegdom, ære og udøyelegdom få evig liv, medan naud og angst vil råka dei som har villa klara seg utan Gud, og som har levd for å tilfredsstilla sine eigne behov, ofte på bekostning av sanning og rett.
Alle menneske skal ein dag dømast, og få betalt av Gud etter sine gjerningar. Må me alle leva slik at me blir frikjende denne dagen, og ikkje må lida straff.
From the publisher's feed