Bibelpoden

Bibelpoden

Download on the App Store

Bibelpoden episodes

  • Romarbrevet 7,1-6

    Lova eig ikkje lenger ein som er kristen. Jesus har kjøpt oss fri frå lova ved å oppfylla henne til punkt og prikke på våre vegne, og no tilhøyrer me han.

    8 min
  • Romarbrevet 6,15-23

    Den som er slave under synda, opplever slaveriet som fridom, ein er fri frå Gud og alle hans fordringar, og han er så bunden til Herren sin, synda, at han elskar henne, og han syndar på automaten fordi det samsvarar med hans natur å gjera det, slik som det er hunden sin natur å bjeffa.

    På same måte den som er slave under rettferda. Det opplevest ikkje som tvang. Ein gjer det som er rett fordi det samsvarar med den kristne sin nye, rettferdige natur, hans nye åndelege DNA. Han elskar Gud og sin neste fordi det samsvarar med hans nye åndelege DNA å gjera det, Det går på autopilot.

    8 min
  • Romarbrevet 6,12-14

    Alle kristne må leva i samsvar med Jesus sine verdiar og bod om me skal ha nokon betydning her i den nærverande verda.

    9 min
  • Jesu dåp, og din

    Denne talen fører deg inn i Johannes døyparen sitt liv, forkynning og gjerning, samt det faktum at Jesus vart døypt med syndaren sin dåp, for at vår dåp skal kunna reinsa oss frå synd livet i gjennom.

    18 min
  • Romarbrevet 6,5-11

    Gud har ikkje teke synda ut av oss, men oss ut av synda vår. Den blir oss ikkje lenger tilrekna. Snarare frårekna. Dette set oss fri får vår plikt til å tilfredsstilla Gud, slik at me kan konsentrera oss om å leva rettferdig for å æra han og tena vår neste.

    7 min
  • Bøn for verda 19-november 2025

    I dag ber me for den iranske kvinna Aida Najaflou som onar ein lang dom for å ha vitna om Jesus og kristisert styresmaktene i landet. No har ho falle og brote ryggen, men blir nekta medisinsk kjelp. Vidare ber med for Thailand og Tanzania, muslimar i Thailand (det er 1,3 million av dei), og Shirakifolket på Zansibar.

    16 min

About Bibelpoden

From the publisher's feed

Her finn du bibelrefleksjonar, talar og betraktningar.