
Sign up to save your podcasts
Or


Denne episoden kan me kalla "den store attreisinga". Det Adam reiv ned, bygde Jesus opp att. All ære til han.
Adam representerte som konge alle menneske, og han drog alle med seg i fallet sitt.
Jesus, den andre Adam, representerer som konge også alle menneske, og drog alle med seg i si rettferd.
Men ingen vert tvinga over får Adam til Kristus. Det valet må kvar enkelt av oss ta.
Gud synte kor høgt han elskar oss ved å lat Jesus døy for oss medan med enno var ganske arrogante og uforskamma syndarar. Ingen andre kunne elska slike som oss.
Fred med Gud er ein objektiv, rettsleg tilstand.
Guds fred er ei subjektiv kjensle.
Skal me forstå alt det Bibelen snakkar om fred, er det viktig å forstå ulikskapen mellom indre og ytre fred.
Vantru og tvil er to heilt ulike ting. Den som er vantru vil ikkje tru. Han yt Gud og evangeliet aktiv motstand. Den som tvilar ønskjer å tru, og søkjer med iver Jesus for å bli sikker i si tru på han. Den første er fortapt. Den siste er frelst.
For 4000 år sidan fekk vår far Abraham ein global visjon om at alle slekter på jorda skulle velsignast gjennom han og hans etterkomarar. Og det har skjedd. Som kristne er me eit resultat av dette løftet.
Omskjeringa på kroppen gjorde og gjer ikkje jødar kristne. Skal dei vera Guds barn må dei tru på Jesus, og då blir dei forvandla på innsida av Gud, det som Jeremia kallar for omskjering av hjarta. Det er same frelsesveg for jødar og ikkje-jødar. Likevel har jødane ein særposisjon på jorda som me heidningekristne ikkje har. Det har me snakka om tidlegare, og me vil koma attende til det også seinare.
Kapittel 4 i Romarbrevet handlar om trua sine enorme fordeler. Å tru er ganske enkelt å ta imot Guds gode gåver med takk og glede. Dette er ikkje gåver me får fordi med har oppført oss fint, eller fordi me har ytt god innsats for Gud. Det er gåver Gud gjev oss fordi me desperat treng dei, eller vil framtida vår vera uendeleg mørk.
From the publisher's feed