Sign up to save your podcastsEmail addressPasswordRegisterOrContinue with GoogleAlready have an account? Log in here.
Podkasten til vekeavisa DAG OG TID. Kvar veke snakkar vi med ein gjest om ein utvald artikkel frå avisa.... more
FAQs about DAG OG TID podkast:How many episodes does DAG OG TID podkast have?The podcast currently has 113 episodes available.
November 11, 2022Dagfinn Nordbø: Eg lagar aldri mat etter oppskriftaDenne veka blir du betre kjend med Dagfinn Nordbø. Han skriv om mat og reiser i spalta «Matmonsen». Treng du inspirasjon til neste middag? Kanskje lam på marokkansk vis? Les førre artikkel her. (abo)...more18minPlay
November 04, 2022Banksvindel: Per Anders Todal fortelHar du nokon gong blitt svindla eller forsøkt svindla? Då kjenner du kanskje til både spoofing og phishing. Phishing-åtak er ei næring i sterk vekst. Gjesten vår denne veka, Per Anders Todal, vart svindla for eit stort beløp. Han fortel kva som skjedde og kva han meiner ein sjølv og bankane kan gjere for å førebygge svindel. Todal har også skrive ein artikkel om dette. Les «Usikkert som banken» her (abo)....more25minPlay
October 28, 2022DAG OG TID lydavis: RaulandI år fer Håvard Rem i Langfjella, frå Dovre i nord til Agder i sør, for å utforska livet i fjella som kløyver Sør-Noreg i mål-, vass- og vêrskilje. Denne veka er han i Rauland. Høyr han lese del 6 av reportasjeserien, «Rein i fjell og bronse».Kvar veke les me inn eit utval artiklar som abonnentane våre kan lytte til. Er du nysgjerrig på lydavisa vår, kan du bestille eit gratis prøveabonnement på dagogtid.no/prov....more21minPlay
October 21, 2022Shirin Tinnesand om erfaringer frå Moria-flyktningleiren den polsk-ukrainske grensaShirin Tinnesand jobbar som flyktning- og migrantkoordinator og er gjest i podkasten denne veka. Ho fortel om arbeidet sitt på Moria-flyktningleiren på Lesvos og ved grensa mellom Polen og Ukraina. Kvifor er ho skeptisk til både friviljuge bistandsarbeiderar og norsk media?...more28minPlay
October 14, 2022Aage Sivertsen om RinnanbandenAage Sivertsen er gjest i podkasten denne veka. Han har skrive bok om Rinnanbanden, ei gruppe nordmenn som støtta tyskarane under krigen. Sivertsen har skrive mange bøker om 'skammens historie'. Kvifor er han så oppteken av slike mørke tema? ...more32minPlay
October 07, 2022Kim Hiorthøy om boka «Knivtid»Kim Hiorthøy er aktuell med boka Knivtid, ei bok med femti korte forteljingar. I denne episoden fortel og les han frå boka. Kva er det han synest er interessant med å skrive? ...more22minPlay
September 30, 2022DAG OG TID lydavis: Høyr Sjur Haga Bringeland lese spalta «Klassisk»Phantasm får fram einskildtrådane i Bachs mangslungne musikalske vev, skriv Sjur Haga Bringeland. Denne veka får du høyre han lese spalta si «Klassisk». Bringeland er musikar, musikkviter og fast musikkmeldar i Dag og Tid. Kvar veke les me inn eit utval artiklar til lydavisa vår. Vil du høyre fleire artiklar? Bestill eit gratis prøveabonnement på dagogtid.no/prov....more6minPlay
September 23, 2022Krigen i Ukraina: ein samtale med Andrej Kurkov«Eg er imot å publisere mine eigne bøker på russisk fram til slutten på krigen», seier den ukrainske forfattaren Andrej Kurkov. Han er gjest hos oss denne veka og er aktuell med «Dagbok frå ein invasjon» om tida før og under invasjonen. Intervjuet vart gjort 20. september. Er du nysgjerrig på Dag og Tid? Bestill eit gratis prøveabonnement på dagogtid.no/prov. ...more21minPlay
September 16, 2022Alt som skranglar: Erlend Skjetne fortel og les frå den nyaste boka siKorleis er det å skrive bok om ei dotter som ikkje har språk? Er det greitt? Høyr forfattar Erlend Skjetne fortelje og lese frå den nyaste boka si, Alt som skranglar, i denne episoden av DAG OG TID- podkasten. ...more27minPlay
September 09, 2022Teaterregissør Kjersti Horn om «Kristin Lavransdotter»Trilogien om Kristin Lavransdatter er kanskje dei mest kjende bøkene til Sigrid Undset. Laurdag 10. september er det premiere på «Kristin Lavransotter» på Det norske teatret. Kjersti Horn har regien. I denne episoden fortel ho om korleis det har vore å arbeide med eit teaterstykke som varer i 8 timar. Kvifor har ho valt å skilje publikum og skodespelarane med ein plastfilm? 26. august hadde DAG OG TID på trykk ein reportasje om «Kristin Lavransdotter». Les artikkelen her (for abonnentar). ...more31minPlay
FAQs about DAG OG TID podkast:How many episodes does DAG OG TID podkast have?The podcast currently has 113 episodes available.