Innføringa av dagens skule byrja i 2001, då kom dei første Pisa-resultata. Dei viste at Noreg ikkje var best, men skåra middels blant OECD-land. Løysinga vart ein ny skulepolitikk, ein skulle disiplinere ungane til å lære meir. I denne episoden av DAG OG TID-podkasten er Simon Malkenes gjest. I fjor kom han ut med boka «Salamandertesten» der han skriv om norsk skulepolitikk i lys av Bjørneboes Jonas frå 1955. Boka tar utgangspunkt i eit føredrag på Nasjonalbiblioteket i høve 100-årsjubileet for Jens Bjørneboes fødsel. Nøkkelord er «læringstrykk», «humankapital», «tidleg innsats» og «disiplindugnad». Malkenes har også blitt intervjua av Jan H. Landro i Dag og Tid 4. februar. Intervjuet kan du lese her.