
Sign up to save your podcasts
Or


Etter 39 år ved Forsvarets forskingsinstitutt ryddar Jan Erik Torp (63) pulten. I denne episoden av Ugradert tek den assisterande direktøren oss med på ein runde frå oljekrisa på 80-talet til dagens høgteknologiske kappløp om dronesvermar og kunstig intelligens.
I 1986 låg oljeprisen på under ti (!) dollar fatet. For ein nyutdanna geofysiker på veg heim frå eit tokt i Arktis såg det dermed ikkje ut til at oljebransjen hadde mykje å tilby. Eit tilfeldig treff heime i Bergen markerte derimot starten på ein karriere ved FFI som skulle vare i nesten fire tiår.
I løpet av denne tida har Jan Erik Torp vore innom nesten kvar einaste krik og krok ved instituttet, frå tunge forsvarsanalysar og kampflystudiar til roller som verneombod, tillitsvald og no ved avslutninga av karrieren som assisterande direktør.
I dagens podkast snakkar han om kvifor vi ikkje må sove i timen: Torp har i årevis åtvara mot at Europa sakkar akterut i det teknologiske kappløpet. Og kvifor er det viktig for han at FFI-forskinga aldri støvar ned, men faktisk endar opp som teknologi Forsvaret kan bruke?
Vi ser på vesle FFI i den store verda: Korleis ser eigentleg NATO og stormaktene på dette norske forskingsmiljøet? Er vi veslebroren som får vere med, eller er det vi som enkelte gongar sit på fasiten?
Høyr om helikopterturen til Bonn: Kva i all verda skjedde då ein FFI-delegasjon, med Torp som ein av passasjerane, måtte fly Bell 412 frå Fornebu til Tyskland?
Dei som har jobba tett på Torp fortel om ein leiar som er uvanleg lett å få i tale, og som alltid har stilt opp når utfordringane har vore som størst. Han har vore i leiinga av instituttet gjennom terrorforskingas barndom, moderniseringa av Sjøforsvaret og i store strategiske samarbeid.
No ventar eit nytt tilvære. Blir det eit comeback i løypa for den gamle orienteringsløparen, eller har han funne heilt andre postar i livet?
Høyr heile intervjuet med Jan Erik Torp her.
Vil du ha nyheter og informasjon om hva Forsvarets forskningsinstitutt forsker på og utvikler? Da kan du:
Takk for at du lytter til Ugradert fra FFI.
Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.
By Forsvarets forskningsinstituttEtter 39 år ved Forsvarets forskingsinstitutt ryddar Jan Erik Torp (63) pulten. I denne episoden av Ugradert tek den assisterande direktøren oss med på ein runde frå oljekrisa på 80-talet til dagens høgteknologiske kappløp om dronesvermar og kunstig intelligens.
I 1986 låg oljeprisen på under ti (!) dollar fatet. For ein nyutdanna geofysiker på veg heim frå eit tokt i Arktis såg det dermed ikkje ut til at oljebransjen hadde mykje å tilby. Eit tilfeldig treff heime i Bergen markerte derimot starten på ein karriere ved FFI som skulle vare i nesten fire tiår.
I løpet av denne tida har Jan Erik Torp vore innom nesten kvar einaste krik og krok ved instituttet, frå tunge forsvarsanalysar og kampflystudiar til roller som verneombod, tillitsvald og no ved avslutninga av karrieren som assisterande direktør.
I dagens podkast snakkar han om kvifor vi ikkje må sove i timen: Torp har i årevis åtvara mot at Europa sakkar akterut i det teknologiske kappløpet. Og kvifor er det viktig for han at FFI-forskinga aldri støvar ned, men faktisk endar opp som teknologi Forsvaret kan bruke?
Vi ser på vesle FFI i den store verda: Korleis ser eigentleg NATO og stormaktene på dette norske forskingsmiljøet? Er vi veslebroren som får vere med, eller er det vi som enkelte gongar sit på fasiten?
Høyr om helikopterturen til Bonn: Kva i all verda skjedde då ein FFI-delegasjon, med Torp som ein av passasjerane, måtte fly Bell 412 frå Fornebu til Tyskland?
Dei som har jobba tett på Torp fortel om ein leiar som er uvanleg lett å få i tale, og som alltid har stilt opp når utfordringane har vore som størst. Han har vore i leiinga av instituttet gjennom terrorforskingas barndom, moderniseringa av Sjøforsvaret og i store strategiske samarbeid.
No ventar eit nytt tilvære. Blir det eit comeback i løypa for den gamle orienteringsløparen, eller har han funne heilt andre postar i livet?
Høyr heile intervjuet med Jan Erik Torp her.
Vil du ha nyheter og informasjon om hva Forsvarets forskningsinstitutt forsker på og utvikler? Da kan du:
Takk for at du lytter til Ugradert fra FFI.
Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

36 Listeners

45 Listeners

22 Listeners

97 Listeners

53 Listeners

27 Listeners

7 Listeners

6 Listeners

14 Listeners

14 Listeners

6 Listeners

4 Listeners

13 Listeners

3 Listeners

22 Listeners