Garderobeskapar

Garderobeskapar

By Studentradioen i BergenSociety & Culture
Download on the App Store

Garderobeskapar episodes

  • Episode 19 - Strikkernes marked, bomull og lånefåing
    Vi har vore på Strikkernes Marked og fått intervju med både Lene, som er CEO i Knit, og Sarah Elise, som hadde sin første marknad som prosjektleiar. Erina snakkar om å lånefå både det eine og det andre, og vi fortel deg det du treng å vite om bomull. Og så er det offesielt konkurranse innad i programmet om å bli ferdig med ermestrikken først!
    I studio:
    Frida Bjørnereim Dalsbø
    Erina Grasdal Skarpenes
    Produsent:
    Marius Øvrebøe
    Ansvarleg produsent:
    Sofie Larsen Nesdal
    48 min
  • Episode 18 - Temaepisode: Ull
    Denne gongen køyrer vi ein rein temaepisode i fiberfokus-serien vår om noko vi kan snakke om på innpust og utpust; nemleg ull! Vi tek deg gjennom the basics, nokre av dei gode eigenskapane til ulla, litt om vask og reinhald og Erina fortel om reisa til ulla frå sau til ferdig garn. Her er det mykje å kose seg med!
    I studio:
    Erina Grasdal Skarpenes
    Frida Bjørnereim Dalsbø
    Produsent:
    Leonora Jacobsen
    Ansvarleg redaktør:
    Sofie Larsen Nesdal
    47 min
  • Episode 17 - Finnflaks, forbruk og fiberfokus
    Erina har parkert det raude veskeprosjektet sitt og Frida har hatt skikkeleg flaks på finn.no. Vi snakkar om kor berekraftig det eigentleg er med alle second hand-tilboda der ute, og introduserar den nye spalta vår Fiberfokus. Og så lurer Frida på om ho utstrålar ein heilt anna stil ein det ho trur.
    I studio:
    Frida Bjørnereim Dalsbø
    Erina Grasdal Skarpenes
    Produsent:
    Marius Øvrebøe
    Ansvarleg redaktør:
    Sofie Larsen Nesdal
    43 min
  • Episode 16 - Temaepisode: Festdrakt
    Det er under 2 månadar til mai, og vi har besøk av Ingrid som fortel om festdrakta ho har sydd! Vi får vite alt om stoffval, prosess og utfordringar undervegs, samt nokre gode tips for deg som vil begi seg ut på same type prosjekt. Vi snakkar som vanleg om prosjekta vi held på med, og Erina trekk fram at vi er jo stå mykje meir enn berre ein strikkepod! God lytt!
    I studio:
    Erina Grasdal Skarpenes
    Frida Bjørnereim Dalsbø
    Gjest:
    Ingrid Villanger
    Produsent:
    Marius Øvrebøe
    Ansvarleg redaktør:
    Sofie Larsen Nesdal
    41 min
  • Episode 15 - Vinterferie, øyredobbar og VÅR
    Vi er tilbake etter vinterferie og har både smått og stort å snakke om. Frida har sydd seg trenchcoat og Erina er endeleg ferdig med bol på sitt pågåande strikkeprosjekt. Vi snakkar om korleis årstidene verkar inn på garderoben og at det er lett å bli overvelda av garnbutikkar når ein er på tur. Og så tek vi ein gjennomgang av diverse arrangement for den neste tida.
    I studio:
    Frida Bjørnereim Dalsbø
    Erina Grasdal Skarpenes
    Produsent:
    Marius Øvrebøe
    Ansvarleg redaktør:
    Sofie Larsen Nesdal
    35 min
  • Episode 14 - Trenchcoat, innboksen og strikkeetikk
    Vi er tilbake i studio etter livepod, og snakkar om den hottaste tematikken på strikkeinsta den siste tida; vidaredeling av strikkeoppskrifter. Frida skal rekke opp Monday Sweater og har byrja på trenchcoaten sin, Erina nærmar seg ferdig med bolen på Canvas Sweater og vi tek ein kikk i meldingane vi har fått i innboksen!
    Obs! Neste veke tek vi vinterferie, så det er 14 dagar til neste gong du høyrer frå oss.
    I studio:
    Frida Bjørnereim Dalsbø
    Erina Grasdal Skarpenes
    Produsent:
    Marius Øvrebøe
    Ansvarleg redaktør:
    Sofie Larsen Nesdal
    38 min
  • Episode 13 - Livepod på Kvarteret
    Dagens episode er opptak frå vårt første liveshow, som vi hadde på Det Akademiske Kvarter i anledning Studentenes DAY ZERO - arrangert av Bærekraftspilotene. Vi snakkar om kva ein bærekraftig garderobe er, utfordringar knytt til det, og ulike tabbar vi har gjort i garderobeskapinga.
    På scena: Frida Bjørnereim Dalsbø, Erina Grasdal Skarpenes, Ingrid Villanger
    Produsent: Marius Øvrebøe
    Ansvarlig redaktør: Sofie Larsen Nesdal
    48 min
  • Episode 12 - Arangenser, synleg reparasjon og sy- og strikkejournalar
    Denne veka har Frida fullstendig oppheng på aran-gensarar, og Erina har diverse plagg ho treng å reparere. Vi tek for oss temaet handarbeidsjournalar - for korleis kan det vere nyttig i garderobeskapinga? Vi har nye jinglar og gler oss til vår første livepod!
    I studio: Frida Bjørnereim Dalsbø og Erina Grasdal Skarpenes
    Produsent: Marius Øvrebøe
    Ansvarleg redaktør: Sofie Larsen Nesdal
    34 min
  • Episode 11 - Genserkonstruksjon, sal av strikk og å lære å sy!
    Strikkeprosjekta våre tutar og går, og vi gjer alvor av Erina sitt nyttårsforsett om å sy noko... Frida lurer på om ho skal selge strikkeplagg som ikkje vart heilt innertiar og vi går gjennom dei vanlegaste genserkonstruksjonane for deg som er ny strikkar.
    I studio:
    Frida Bjørnereim Dalsbø og Erina Grasdal Skarpenes
    Produsent: Marius Øvrebøe
    Ansvarleg redaktør: Sofie Larsen Nesdal
    38 min
  • Episode 10 - 5 plagg med Fremtiden i våre hender, trendspaning og inspo
    Vi har besøk i studio av Elin som fortel oss om 5-plagg-kampanjen til Framtiden i våre hender! I tillegg ser vi inn i spåkula og profeterar kva som kjem til å bli trendar og tendensar for garderobeskaping i 2025, Frida kan skryte av sytid som har gjeve resultat, og Erina har stoppa opp og sett kor vakker Bergen er.
    I studio:
    Frida Bjørnereim Dalsbø
    Erina Skarpenes Grasdal
    Elin Ekornes Håskjold
    Produsent: Marius Øvrebøe
    Ansvarleg redaktør: Sofie Larsen Nesdal
    35 min

About Garderobeskapar

From the publisher's feed

Med sying og strikking som hovudtema dykkar vi ned i kva det vil seie å lage seg ein garderobe og eit klesforbruk som både er personleg, berekraftig og GØY! Du får høyre om reparasjon,…