Garderobeskapar

Garderobeskapar

By Studentradioen i BergenSociety & Culture
Download on the App Store

Garderobeskapar episodes

  • Episode 29 - Temaepisode: Brudekjole
    I dag er både Fride og Erina tilbake i studio, hurra! Vi snakkar sjølvsagt om kva vi jobbar med for tida, men hovudfokuset er på temaet brudeskjole. Frida fortel om design, mønster, syprosess og utfordringar ho møtte på då ho sydde sin eigen brudekjole før ho gifta seg i fjor sommar.
    Her er det mykje snacks å hente for alle kommande brudar, eller berre dei som er nysgjerrige!
    I studio:
    Frida Bjørnereim Dalsbø
    Erina Grasdal Skarpenes
    Produsent: Marius Øvrebøe
    Ansvarlig redaktør:
    Sofie Larsen Nesdal
    55 min
  • Episode 28 - Korleis påverkar Garderobeskapar ein ikkje-garderobeskapar?
    Denne veka steppar produsent Marius inn som vikar for Erina! Vi snakkar om korleis podkasten påverkar perspektiva til ein som ikkje lagar kleda sine sjølv, og Frida køyrer quiz for å finne ut kor mykje Marius faktisk har fått med seg.
    I studio:
    Frida Bjørnereim Dalsbø
    Marius Øvrebøe
    Produsent:
    Benedikte Hertzenberg
    Ansvarleg redaktør:
    Sofie Larsen Nesdal
    37 min
  • Episode 27 - Trend spaning, endå meir UFO-prat og strikkealias
    I denne episoden styrer Erina showet åleine med Anna som gjest! Det er strikketungt i studio denne episdoen. Anna deler sine tankar om kvifor WIP's blir til UFO'er. Erina gler seg til å sjå uttrykket til strikkeprosjektet hennar. Vi spaner trender for den kommande tida og sommaren, og spelar Strikkealias!
    I studio:
    Erina Grasdal Skarpenes
    Anna Rudeng
    Ansvarleg redaktør:
    Sofie Larsen Nesdal
    44 min
  • Episode 26 - Ein annan type klesforbruk med Anne-Line Sørberg
    I dag har vi besøk av Anne-Line Sørberg i studio! Ho er ikkje ein garderobeskapar, men delar likevel mange av dei same synspunkta som oss når det gjeld klesforbruk. Eit bevisst forhald til garderoben kan løysast på mange vis, og Anne-Line vel heller å investere i kvalitet over kvantitet - sjølv med studentøkonomi. I denne episoden får vi høyre meir om korleis ho tenker rundt sitt bevisste klesforbruk, og vi får mange gode tips og nye synspunkt på vegen!
    I studio:
    Frida Bjørnereim Dalsbø
    Erina Grasdal Skarpenes
    Anne-Line Sørberg
    Produsent:
    Marius Øvrebøe
    Ansvarleg redaktør:
    Sofie Larsen Nesdal
    52 min
  • Episode 25 - Kjolesøm, svar frå BIR og egostrikk er ut!
    Erina har eit nesten ferdig skjørt, og Frida har begynt å sy kjole! BIR har svart angåande kritikken for eit par episodar tilbake, og vi kjenner på mindre og mindre behov for å strikke til oss sjølve. Vi tek ei oppsummering av vårens store serie Fiberfokus, og snakkar om å ta seg tid til å nyte skaparprosessen.
    I studio:
    Frida Bjørnereim Dalsbø
    Erina Grasdal Skarpenes
    Produsent:
    Marius Øvrebøe
    Ansvarleg redaktør:
    Sofie Larsen Nesdal
    40 min
  • Episode 24 - Bunadsstell, stoffshopping og syntetiske fiber
    Erina har reparasjon på hjernen og Frida er ferdig med bolen på sin Olga Sweater. Vi tek det stødig gjennom vask og oppbevaring av bunad, og delar inspirasjon for sommarplagg du kan gå i gang med å lage. Syntetiske fiber står på agendaen i fiberfokus, og vekas obligatoriske observasjon handlar om stoffshopping i eige lager.
    I studio:
    Frida Bjørneriem Dalsbø
    Erina Grasdal Skarpenes
    Produsent:
    Marius Øvrebøe
    Ansvarleg redaktør:
    Sofie Larsen Nesdal
    46 min
  • Episode 23 - Reisebrev, geiter og garderobeutveksling
    Vi har vore på utflukt, og snakkar om besøket vårt på konferansen (Re)fashioning the future IV. Strikketøyet står på staden kvil, og Erina vil ta eit oppgjer med Bergen sitt renovasjonsselskap. Vi snakkar om dei gløymde, animalske fibrane og oppdagar at vi har overlappande garderobebehov. Lenke til SIFO/Oslo Met sine forskningssider om tekstil: https://uni.oslomet.no/klesforskning/
    I studio:
    Erina Grasdal Skarpenes
    Frida Bjørnereim Dalsbø
    Produsent:
    Marius Øvrebøe
    Ansvarleg redaktør:
    Sofie Larsen Nesdal
    48 min
  • Episode 22 - Redesign-rant, nytt på pinnane og regenerert fiber
    Etter påskeferien er det komt nye prosjekt på pinnane! Frida får utløp for redesign-frustrasjon, og vi tek deg gjennom garderobeskapingsarrangement framover. Erina lærer at regenerert fiber ikkje handlar om faktura, og begge har litt for mange tjukke strikkagenserar for sesongen vi er inne i.
    I studio:
    Frida Bjørnereim Dalsbø
    Erina Grasdal Skarpenes
    Produsent:
    Marius Øvrebøe
    Ansvarleg produsent:
    Sofie Larsen Nesdal
    44 min
  • Episode 21 - Estetisk kvalitet, hotte skapartips og tomme pinnar
    For første gong i Garderobeskapar si historie har både Frida og Erina tomme strikkepinnar! Ellers går vi djupare inn i brukthandlingstematikken frå forje veke, gjev deg hotte tips til søm og strikking, og lærer deg litt meir om lin i denne vekas fiberfokus.
    I studio:
    Frida Bjørnerim Dalsbø
    Erina Grasdal Skarpenes
    Produsent:
    Marius Øvrebøe
    Ansvarleg produsent:
    Sofie Larsen Nesdal
    47 min
  • Episode 20 - Silke, UFOar og terminologi for brukte klede
    Det er ekte vår i Bergen, akkurat i tide til at juleopplegget til Frida er komt av pinnane. Erina fortel om det forferdelige konseptet UFO, vi ryddar i brukthandlingsterminologien for deg, og vekas fiber i fiberfokus er tekstildronninga silke.
    I studio:
    Frida Bjørneriem Dalsbø
    Erina Grasdal Skarpenes
    Produsent:
    Marius Øvrebøe
    Ansvarleg redaktør:
    Sofie Larsen Nesdal
    44 min

About Garderobeskapar

From the publisher's feed

Med sying og strikking som hovudtema dykkar vi ned i kva det vil seie å lage seg ein garderobe og eit klesforbruk som både er personleg, berekraftig og GØY! Du får høyre om reparasjon,…