Garderobeskapar

Garderobeskapar

By Studentradioen i BergenSociety & Culture
Download on the App Store

Garderobeskapar episodes

  • Episode 48 - Loppemarknad-debatt, gjenbruk av pynt og strikkestress
    Frida har både nye og gamle prosjekt på gang og Erina har bestemt seg for å ikkje slutte å strikke likevel. Vi gjev deg våre synspunkt på den heite loppemarknad-debatten som har gått sidan sist, og snakkar om kva du kan bruke dei single garnnøsta dine til.
    I studio:
    Frida Bjørnereim Dalsbø
    Erina Grasdal Skarpenes
    Ansvarleg redaktør:
    Vilde Havn
    0 min
  • Episode 47 - Skaparkrise, store stoffrestar og ferdig med svart!
    Vi er tilbake frå påskeferie og begge to har nye prosjekt på pinnane. Erina sitt er vellukka og blir veldig fint, Frida sitt må ha minst eitt forsøk til. Vi gjev deg våre beste tips til korleis du kan få bukt med dei store stoffrestane dine, og Erina luftar noko ho har på hjartet; ei slags skaparkrise. Ja, og så vil Frida gjerne annonsere at ho har dumpa ikkje-fargen svart.
    I studio:
    Frida Bjørnereim Dalsbø
    Erina Grasdal Skarpenes
    Ansvarleg redaktør:
    Vilde Havn
    0 min
  • Episode 46 - Besøk av Sjøllaget!
    Påskespesial med besøk i studio! Elisa, Sofie og Guro er damene bak Sjøllaget, og i dag besøker dei Garderobeskapar i studio. Vi får vite meir om korleis det er å drive strikkebedrift, korleis dei arbeider, og korleis reisa har vore frå å sitte på utveksling i Australia og ikkje få tak i ullgarn, til å ha fått over 16 000 følgarar på sosiale media og samarbeid med store aktørar som Hillesvåg Ullvarefabrikk.
    I studio:
    Erina Grasdal Skarpenes
    Frida Bjørnereim Dalsbø
    Gjestar:
    Elisa Jenssen
    Sofie Wallestad
    Guro Holm
    Ansvarleg redaktør: Vilde Havn
    0 min
  • Episode 45 - Striper, reisegarderobe og innsjekk på vinterens trendar
    Vi har fingrane i mange prosjekt for tida; både søm, strikk og opprekk. Dei minste garnrestane får fokus i vekas del av Resterazzia, og vi tek ein innsjekk i kor godt vi faktisk klarte å spå trendane for hausten og vinteren.
    Facebookgruppe for meir info om strikking til premature: Strikk til NFI Førde
    I studio: Frida Bjørnereim Dalsbø og Erina Grasdal Skarpenes
    Ansvarleg redaktør: Vilde Havn
    0 min
  • Episode 44 - Små stoffrestar, yarn chicken og takk(!) for handarbeidet
    Både Frida og Erina har ferdige prosjekt sidan sist: eit vottepar og ein genser. Det eine har ført til mindre restegarn, det andre til meir. Vi gjev deg våre beste tips til kva du kan gjere med dei små stoffrestane, og reflekterer over kvifor vi ikkje lagar meir gøyale plagg - sjølv om vi kan?
    I studio:
    Erina Grasdal Skarpenes
    Frida Bjørnereim Dalsbø
    Ansvarleg redaktør:
    Vilde Havn
    39 min
  • Episode 43 - Designerframsnakk, råd for restar og gode nybegynnarprosjekt
    Vi strikkar i veg på både nye og gamle prosjekt, nokre er kanskje for lange, andre kanskje for korte. Vi gjev deg nokre overordna råd til bruk av restar og framsnakkar to designerar som vi synest fortener litt meir merksemd. Vekas obligatoriske observasjon kjem frå ein lyttar, og her må vi diskutere om vi er einige eller ikkje.
    I studio:
    Erina Grasdal Skarpenes
    Frida Bjørnereim Dalsbø
    Ansvarleg redaktør: Vilde Havn
    0 min
  • Episode 41 - Nye prosjekt, årets Make Nine og kva skjer framover?
    Ny sesong! Erina er tilbake frå Frankrike, så det er god steming i studio. Begge har fullført gamle prosjekt, og har fått nye ting på pinnane. Vi går gjennom kva vi har på våre Make Nine-brett for året, og tipsar deg om kjekke arrangement for tida framover.
    I studio: Erina Grasdal Skarpenes og Frida Bjørnereim Dalsbø
    Produsent: Marius Øvrebøe
    Ansvarleg redaktør: Vilde Havn
    0 min
  • Episode 40 - Juleferieprosjekt, opprekk og Make Nine-resultat
    Vi brukar årets siste episode til å ta ei oppsummering av korleis Make Nine-prosjektet har gått og snakke om kva prosjekt vi skal ta med oss heim til juleferie. Både Frida og Erina strevar litt med vestane dei strikkar på for tida, og den obligatoriske observasjonen er ei klar oppfordring: Du kan faktisk gjere nesten ingenting når du får ferie.
    I studio:
    Frida Bjørnereim Dalsbø
    Erina Grasdal Skarpenes
    Produsent:
    Marius Øvrebøe
    Ansvarleg redaktør:
    Vilde Havn
    0 min
  • Episode 39 - Vedlikehald, vestefest og nye klesperspektiv
    Erina har begynt å strikke vesten sin på nytt, og Frida er straks ferdig med å sy ein deilig silkebluse. Vi gjev deg våde beste tips til vedlikehald av klede, og snakkar om korleis ein på best mogleg måte kan både dekke skaparbehovet og samtidig ikkje drukne i altfor mykje kle.
    I studio:
    Frida Bjørnereim Dalsbø
    Erina Grasdal Skarpenes
    Produsent:
    Marius Øvrebøe
    Ansvarleg redaktør:
    Vilde Havn
    0 min

About Garderobeskapar

From the publisher's feed

Med sying og strikking som hovudtema dykkar vi ned i kva det vil seie å lage seg ein garderobe og eit klesforbruk som både er personleg, berekraftig og GØY! Du får høyre om reparasjon,…