Garderobeskapar

Garderobeskapar

By Studentradioen i BergenSociety & Culture
Download on the App Store

Garderobeskapar episodes

  • Episode 38 - Mulesing, tæilor og ullundertøy
    I dag kan vi rapportere om framsteg både i Frankrike og i Noreg! Erina er ferdig med Sophie-hood, og Frida har både fått sylyst, og har nådd ein milepæl på vesten. Vi gjev deg ei innføring i mulesing, og diskuterer den potensielt revolusjonerande digitale skreddaren Tæilor, som Fæbrik skal lansere veldig snart.
    I studio:
    Frida Bjørnereim Dalsbø
    Erina Grasdal Skarpenes
    Produsent:
    Marius Øvrebøe
    Ansvarleg produsent:
    Vilde Havn
    0 min
  • Episode 37 - Oppleggssjuke, garn- og stofflager og julegåver
    I dag skravlar vi i veg om det som ligg på hjartet; Erina har fått skapar-motivasjonen tilbake, og Frida har gjennomgått ein liten karakterbrist og kjøpt masse nytt garn. Vi reflekterer rundt garn- og stofflager og oppleggssjuke, og kva både det eine og det andre gjer med oss, og kvifor vi gjer som vi gjer. Og så nærmar det seg jo jul, så vi kan ikkje unngå å snakke litt om heimelaga julegåver.
    I studio:
    Frida Bjørnereim Dalsbø
    Erina Grasdal Skarpenes
    Produsent:
    Marius Øvrebøe
    Ansvarleg redaktør:
    Vilde Havn
    0 min
  • Episode 36 - Mellomprosjekt, MooKnitwear og trendane for haust og vinter
    Både Frida og Erina er ferdige med mellomprosjekta sine, medan hovudprosjekta kanskje er ein smule neglisjerte. Vi set heller stort fokus på å diskutere det lyttarane trur blir dei store tendensane i garderobeskapinga denne hausten og vinteren, og snakkar også om kva vi synest om at influencaren Helene Moo straks lanserar sitt eige klesmerke, produsert rett utanfor Bergen.
    I studio:
    Frida Bjørnereim Dalsbø
    Erina Grasdal Skarpenes
    Produsent:
    Marius Øvrebøe
    Ansvarleg redaktør:
    Vilde Havn
    0 min
  • Episode 35 - Storleikar, Det gule hus-resultat og gamle strikkeoppskrifter
    Frida har gjort framsteg på lesesalprosjektet, og Erina grublar på korleis ho skal kunne bruke den nesten ferdigstrikka singletten sin når det ikkje lenger er sommar. Vi får rapport på salet og opplevinga av å bruke Det Gule Hus, og tenker høgt rundt val av utradisjonelle namn på storleikar i strikkeoppskrifter.
    I studio:
    Frida Bjørnereim Dalsbø
    Erina Grasdal Skarpenes
    Produsent:
    Marius Øvrebøe
    Ansvarleg produsent:
    Vilde Havn
    0 min
  • Episode 34 - Nybegynnarvennlege oppskrifter, Sophie-scarf og Tise+Ebay=sant
    Erina er full av inspirasjon og proklamerer ein ny æra i strikkinga, medan Frida har mista oversikta over kvar strikkeprosjektet er i flyttelasset. Vi diskuterer forje vekest store nyheit - at Tise har blitt kjøpt opp av Ebay -, og serverer både tips og fine oppskrifter til deg som vil begynne å strikke.
    I studio:
    Frida Bjørnereim Dalsbø
    Erina Grasdal Skarpenes
    Produsent:
    Marius Øvrebøe
    Ansvarleg redaktør:
    Vilde Havn
    0 min
  • Episode 33 - Haustmote, strikketid og testing av Det Gule Hus
    Stemninga er optimistisk sidan både Frida og Erina har gjort framsteg på strikkeprosjekta sine! Frida fortel om prosessen med å selge klede på Det Gule Hus, og Erina strevar med å finne ut korleis ho skal gjere internatrommet i Frankrike heimekoseleg og personleg. Og så er vi begge veldig klar for haustmoten!
    I studio:
    Frida Bjørnereim Dalsbø
    Erina Grasdal Skarpenes
    Produsent:
    Marius Øvrebøe
    Ansvarleg produsent:
    Vilde Havn
    0 min
  • Episode 32 - Flytterydding i klesskapet, identitetsmarkørar og Ullveka
    Etter ei veke sjukdom er vi tilbake! Frida skal flytte, og merkar at det kjem til å påverke garderoben, medan Erina fortel kva strikkeprosjekt ho har tatt med seg til Frankrike. Vi gir deg ein guide til garderobeskapar-arrangement i Bergen i tida framover, og får eit lite innblikk i korleis eit Sophie scarf kan knytte vennskap.
    I studio:
    Frida Bjørnereim Dalsbø
    Erina Grasdal Skarpenes
    Produsent:
    Marius Øvrebøe
    Ansvarleg redaktør:
    Vilde Havn
    0 min
  • Episode 31 - Skuffande skaparsommar, fast fahion-kjøp og nyheiter
    Vi er i gang med ny sesong! Frida er i Bergen, Erina er i Frankrike, og podcasten står ved lag. Denne veka snakkar vi om at vi er litt skuffa over garderobeskapinga denne sommaren, og at Frida har kjøpt sitt første plagg i fast fashion-butikk på grunn av bagasjetrøbbel. Men det er også mykje nytt og kjekt å ta for seg, for eksempel nye sybøker på marknaden og eit heilt nytt konsept som vi gler oss til å følge lanseringa av!
    I studio:
    Frida Bjørnereim Dalsbø
    Erina Grasdal Skarpenes
    Produsent:
    Marius Øvrebøe
    Ansvarleg redaktør:
    Vilde Havn
    0 min
  • Sommaroppdatering <3
    Vi hoppar inn i studio for å gje deg, og kvarandre, ei oppdatering på både prosjekta vi jobbar med og hausten som kjem. Det er noko nytt og gammalt på pinnane, symaskina til Frida står ubrukt og Erina lurer på korleis ho skal pakke strikketøy til eit semester som utvekslingsstudent.
    I studio:
    Frida Bjørnereim Dalsbø
    Erina Grasdal Skarpenes
    Produsent:
    Marius Øvrebøe
    Ansvarleg redaktør:
    Sofie Larsen Nesdal
    22 min
  • Episode 30 - Fargeanalyse, oppsummering av året og sommarferie!
    Episode 30! Vi tek ein fot i bakken og oppsummerar halvåret som har gått, før vi tek oss ein velfortent sommarferie. Vi sjekkar inn på Make Nine og Frida fortel om fargeanalysa ho nettopp har tatt. Strikkeprosjekta står stille, men vi lovar progresjon når vi er tilbake igjen til hausten. God sommar!
    I studio:
    Frida Bjørnereim Dalsbø
    Erina Grasdal Skarpenes
    Produsent:
    Marius Øvrebøe
    Ansvarleg redaktør:
    Sofie Larsen Nesdal
    46 min

About Garderobeskapar

From the publisher's feed

Med sying og strikking som hovudtema dykkar vi ned i kva det vil seie å lage seg ein garderobe og eit klesforbruk som både er personleg, berekraftig og GØY! Du får høyre om reparasjon,…