Vekas store jordskjelv var frikjenninga i Tengs-saka. Kva betyr det at historia gjentek seg? I Bergen sit pengane laust i lommeboka hos det nye byrådet. Luksusfellen neste? Og Erna Solberg ristar av seg skandalene, og vinn tilbake folkets tillit. Er dette byrjinga på slutten for Jonas Gahr Støre?
Vekas store snakkis er NRKs presseetiske tramp i salaten i serien «Ingen elsker Bamsegutt». Men det er ikkje berre den utelatte overgrepsdommen som er problemet. Sindre Finnes treng ein ny hobby, og «Nokon må gå» stiller opp. I Bergen viser det seg at eit protestparti er eit protestparti – uansett.
Erna Solberg vil ikkje drive med «lutheranske symbolhandlingar» som å gå av. Trond Giske har funne alle Aps problem. Og Newcastle vil ikkje lenger ha maltrakterte juletre frå Bergen. Kva skal me sende dei då? Høyr heile episoden i BT-appen og hos Podme.
Politikerne plumper uti både i Bergen og Brussel. Mens Terje Søviknes blir ordfører for sjette gang. Nytt byråd er fortsatt ikke på plass i Bergen, men byen har fått en ny ordfører. Morten, Gerd og Marie diskuterer hvorfor det tar så lang tid. Og etter enormt mange forespørsler: Hva skjer egentlig i Alver?
Blir det verkeleg ingen Bybane dersom det blir omkamp denne gongen? Jens, Eirin og Gerd diskuterer sanninga i den påstanden, og snakkar om korleis Ap i Bergen tapte valet, men sit i ein drøymeposisjon. Erna Solberg kjempar framleis for si politiske framtid. Medan folk snakkar om tårene hennar er ekte, rullar også sakene vidare.
Jens, Gerd og Marie slit med å finne dei rette orda for å skildre alt som skjer i Bergen. Utan at dei held stilt av den grunn. No er valresultatet landa, men det gir eit verst mogeleg utgangspunkt for å kunne styre byen. Og Bergen Høgre har allereie sparka bein på sine eigne partikameratar i fylket. Hør hele episoden med abonnement hos Podme eller i BT-appen.
Vi er fire dager unna valgdagen. Høyre faller som en stein på meningsmålingene, men gjorde reint bort sammen med Frp og Venstre i skolevalget. Får Unge Høyre-leder Ola Svenneby ufortjent mye tyn for å erklære generasjon Greta Thunberg for død? Og tror vi egentlig på forklaringene til Anniken Huitfeldt om at hun ikke har delt børssensitiv informasjon med mannen Ola Flem? Hør hele episoden med abonnement hos Podme eller i BT-appen.
Endå ei fersk måling bekreftar at kaos er tilbake i bergenspolitikken. Mest oppsiktsvekkande er Høgre. Er dei på veg utfor stupet? Eit anna parti opplever ein kraftig og oppsiktsvekkande oppsving. I regjeringa har aksjehandel igjen ført ein statsråd i trøbbel. Korleis er det mogeleg?
Fryktkultur og lovbrot er avdekka på det gigantiske byggeprosjektet med ny Sotrabru. Vil det skape problem for Høgres prestisjeprosjekt, OPS, vidare? Elles er vestlandssommaren prega av ein serval på rømmen i Bjørnafjorden. Og denne veka gjekk ein luksusrestaurant i Rosendal viralt, verda over. Men ikkje på grunn av maten…
Landet har fått kulturminister frå Bergen, og samtidig meiner ein UiB-professor at riksrett må vurderast i Trettebergstuen-saka. I Bergen blir det eit historisk fyrevindauge på Torgallmenningen i sommar, men både Jens og Eirin er meir skeptiske enn før. Og så undersøker me landets nye maktsentrum: Strekninga frå Flaktveit til Toppe i Åsane.
Produsent: Henrik Svanevik
39 min
About Nokon må gå
From the publisher's feed
Nokon må gå er ein podkast om politikk og kvardagsliv. Kommentatorane i Bergens Tidende tar for seg vekas mest engasjerande saker. Dei spør også kva dei eigentleg driv med på Austlandet.