Norge anerkjenner Palestina som egen stat. Hvorfor skjer det nå? Byrådet i Bergen tråkker i salaten igjen, og helt på tampen, en god nyhet om at det ikke går an å bruke opp sommeren i mai.
Klar for 17. Mai? Blod på bunadsskjorta og spy på stakken? For det er visst sånn nasjonaldagen er blitt. Oljefondssjef Nicolai Tangen er opptatt med å smigre Elon Musk og andre rikingar, og får kritikk for det. Og regjeringa ligg dårleg an med å nå sitt store mål for året.
Simen Velle tok eit oppgjer med si rusfortid på imponerande vis. Men var det så skamfullt, eigentleg? Og hadde alt vore annleis dersom han var eldre og politikar då det skjedde? Ingebrigtsen-saka dominerer nyheitsbiletet, me går gjennom pressedekninga.
Kan ein president drepe sin motstandar og vere immun mot rettsforfølging? Kva med å setje i gong eit kupp? Amerikansk høgsterett vurderer faktisk immunitetskravet til eks-president Donald Trump. Det får juss-ekspertar til å måpe.
Over heile landet ropar kvinner etter ny samtykkelov. Men Marie er skeptisk. Industri- og næringspartiet finst framleis, og kranglar framleis. Me gir deg alt om den nye leiarkonflikta. Og så var det KI. Er det lov å seie at ein ikkje heng med?
Ingvild Kjerkol måtte gå av, og statsministeren sto ved sida og passa på. På Stortinget er det mange som går av eiga fri vilje, og mange har éin ting til felles. BT har dessutan vunne den mest prestisjetunge journalistprisen i Noreg. Me får besøk av kollega Per Lindberg, som fortel om saka og følgjene den har fått.
Ingvild Kjerkol har fått sin endelege sensur på masteroppgåva. Må ho gå? Frifinninga av tre menn i gruppevaldtektssaka i Bergen skapar sterke reaksjonar. Ei ny bybaneløysing blir kalla genial, og i Oslo er 17. mai blitt kulturkrig.
Ideen om eit pliktår for landets 19-åringar slår godt an i folket, men ikkje hos Morten og Gerd. Marie er derimot litt glad i tvang. Dessutan snakkar me om å vente på Bybanen til Åsane og om å reise klimavennleg som vestlending. Spoiler: Det siste er umogeleg.
Denne spesialepisoden er spilt inn live under klimafestivalen Varmere, våtere, villere i Bergen. Jens, Marie og Hans har med seg tidligere Ap-topp Marianne Marthinsen og fylkesordfører i Vestland, Jon Askeland (Sp), og diskuterer små og store klimaspørsmål.
Per Willy Amundsen var full på Facebook, men det har vel Frp-arar vore før? Kvifor er dei så harde denne gongen? I Bergen fekk Erna Solberg heidersrolle i ein operette om aksjesvindel, til stormande jubel frå salen. Neste veke kan Bybanens skjebne bli avgjort, og me er spente. Og så var det fyllekaoset i Holmenkollen: Har nasjonen Norge eit alkoholproblem?
37 min
About Nokon må gå
From the publisher's feed
Nokon må gå er ein podkast om politikk og kvardagsliv. Kommentatorane i Bergens Tidende tar for seg vekas mest engasjerande saker. Dei spør også kva dei eigentleg driv med på Austlandet.