** Sommarvikarar blir lokka med gode pensjonsordningar.
** Norske fiskarar er i gang med ryddedugnad til sjøs. Om få tiår kan det vera meir plast enn fisk i havet dersom ingen tek grep.
** Utanriksminister Børge Brende meiner det trengs ein ny debatt om norsk utanriks- og tryggingspolitikk.
Han kjem i studio til oss for å fortella korfor.
** Fleire politiske parti lagar sine eigne podcastar - men dei når berre fram til nerdane, meiner kommentatorar.
** Her i Nyhetsmorgen skal vi høyra meir om dei mange som har opplevd ID-tjuveri dei siste to åra.
Vi gjev deg også råd om kva du kan gjera for å unngå at nokon tek over identiteten din.
** Det er kommunane som må betala for Listhaug si asylinnstramming, seier lokalpolitikarar i fleire norske byar.
** Den amerikanske cupfinalen Superbowl gjekk av stabelen i natt. I ein av reklamefilmane der dukka det opp ei stemme alle i USA kjenner godt.
** Norskundervisning i klasserom gjev svært ulike resultat - no vil NAV ha flyktningar raskare ut i arbeid.
** 150.000 er fråstole identiteten sin dei siste åra.
** Bør ungdom få sova lenger om morgonen, og starta seinare på skulen? Kunnskapsministeren er ikkje avvisande til det.
** Offentlege verksemder skal bort frå papirpost, og kommunisera digitalt med innbyggjarane. Jan Tore Sanner er på plass i studio for å forklara korfor du må ta i bruk den digitale postkassa di. Hør episoden i appen NRK Radio