I denne vekas sending tek me opp meir eller mindre aktuelle tema: utropsteikn, avløysarord som ikkje har fått feste i språket, teiknspråk si stilling i norsk skule, og at norske bedrifter skiftar til engelske namn. I tillegg kjem Laurien innom for å snakka om korleis hennar første semester i Noreg har vore så langt.
I studio: Maria Gunnarsdotter Svedal, Ingrid Årdal og Ole Raade.
Ordskifte er programmet for deg som har ei meining om kva som er rett og kva som er gale å sei. Vi tek for oss språklege finurlegheiter og grunnen til at du snakkar akkurat slik du gjer. Viss du føler det du treng i radiouniverset ditt er eit språkprogram med eit friskt pust, er Ordskifte programmet for deg.