Kollektivt minne
Han var den sterke landsfaderen for eit år sidan, no blir statsminister Jens Stoltenberg bedd om å gå av. Folk endrar visst meining ganske kjapt, men kor fort gløymer vi det vi tykte? Lær om det kollektive minnet før det er for seint.
Riddaren frå mellomalderen
Hadde ikkje Knut Alvsson vorte drepen i 1502 kunne norsk historie sett annleis ut. Jaha? Vi tek historietimen om riddaren som ikkje rakk å bli frigjeringshelt, og ser på korleis historia kanskje kunne ha vorte.
Lunsjen frå mellomalderen
Bli med på ein kort lunsj med Nicolai Cleve Broch, skodespelaren som for tida har hovudrolla i spelet ”Kongeblod”. Der spelar han mellomalderriddaren Knut Alvsson, som kanskje kunne ha endra norsk historie om han ikkje vart drepen i 1502.
Boka frå Sibir
Forfattaren MiRee Abrahamsen skriv om Sibirofili, vodka og taigaen i boka ”Det fjerne Østen”. I dag plasserer ho ei anna, men godt bereist bok i Skammens bokhylle.
Topplista
Denne veka kårer Didrik Søderlind dei 5 mest innflytingsrike sektene. På 3. plassen tek vi ein tur til Sørlandet.