Ungdommens barskap
Formfeitt, lim, hostesaft og etterbarberingsvatn – hushaldningsvarer har gjeve ungdom mang ein billeg rus opp gjennom tida. No har mindreårige fått ei ny lita flaske til fredagskvelden: Frisk og leskande Anti-bac. I Radioselskapet i dag tek vi ein titt hushaldningsrus og farene rundt det.
Hologrammy-show
Avdøde Tupac Shakur har allereie spelt konsert i år. Michael Jackson er snart klar for turné, og vi kan nok sjå fram til eit gjensyn med Jimi Hendrix. Hologram-konsertar bringer artistar attende frå dei daude. Kven vil du helst sjå? I dag fortel vi om dei konsert-aktuelle, og ikkje minst korleis det eigentleg funkar.
Kort lunsj
Grillsesong no! Denne gongen med ideologien ”alt, absolutt alt, går på grillen”. Vi er invitert på lunsj til grillbok-aktuelle Andreas Viestad sin heilt eigne grill-restaurant. Menyen er ukjent, tilberedningsmetoden har vi ein mistanke om.
Veep
Endeleg får visepresidenten hovudrolla. Iallfall i HBO-serien Veep. Med Elaine frå Seinfeld som ein Sarah Palin-liknande politikar, og ein stab som skulle ynskje dei jobba for den ekte presidenten, er det duka for ei ny runde politisk humor. Snart på eit fjernsyn nær deg, enda snarare i Radioselskapet.
Liste
Det er fredag, og vi byr endeleg på Sarkozys største val-skandale.
Programleiar: Kristian Bendiksen
Produsent: Hans Kristen Hyrve