Island vurderer å skifte valuta, og fleire trur det kan bli den norske krona.
Kan ein berre ta for seg av andre land sin valuta, spør vi i Radioselskapet.
Gjest: Sindre Heyerdahl.
Det norske kinopublikummet har gleda seg i månadsvis på 2. verdenskrigsfilmen "Into the White".
Danmark sin aktuelle film frå same krig er den største kinosuksessen på lange tider.
Kva må skje før 2. verdenskrig ikkje lenger er det mest spennande vi kan tenkje oss?
Gjestar: Anders T. Andersen og Einar Aarvig.
Kvifor er vi så redde vår eiga aldring? Kvifor har det å bli eldre blitt synonymt med å forfalle?
Dorthe Skappel står fram med silikonpuppene sine, og det blir skreve om kretsar der folk handler seg botox til fest i ein alder av under 30.
Gjestar: Lars Fredrik Svendsen og Agnes Moxnes.
Reporter Hans Kristen Hyrve er på plass på seniorsenteret for å snakke om dispensasjon av bilbeltebruk, og kor stort engasjement er det rundt det amerikanske valet?