
Sign up to save your podcasts
Or


Julehefta blir prega av stadig meir volum, også dei med teikneseriar. Men er det ekstra lesestoffet verdt prisen?
Gamle amerikanske seriar kan bli som nye. TNT kraftinnsats for å gjere Fiinbeck & Fia meir interessant har i alle fall gitt resultat.
Gamalt norsk, norske klassikarar, kjære oldingar har mange namn, men nivået på klassikarane er kanskje ikkje heilt på topp i år.
Eller «nye norske», sjølv om mange av dei går 20, opptil 30 år tilbake i tid. Tusjkollektivet er på topp, men panelet vårt har funne fleire lyspunkt.
Det tradisjonsrike panelet Knut Robert Knutsen og Arild Wærness tek for seg årets julehefte frå Disney/Egmont: Donald Duck & Co, Mikke Mus & Langbein, Julemagi, Jul på 80-tallet, Walt Disney Julehefte, Don Rosas jul og (Norsk) Donald
I vekas podkastsending ser Arild Wærness og Knut Robert Knutsen på crossover-samarbeidet mellom to teikneseriegigantar på kvar si side av atlanteren, DC og Bonelli.
I høve årest julehefter, og ikkje minst i høve den litt pussige situasjonen at Egmont nå utgir to versjonar av same serien, diskuterer podkastpanelet vårt Knoll og Tott.
I vekas post tek Arild og Knut for seg den amerikanske indie-teikneseriens gullalder. På midten av 80-tallet fekk vi ei bølgje av nye, uavhengige teikneseriar i USA.
I år blei Raptus gjesta av dei franske serieskaparane Fred Neidhardt og Fabrice Tarrin. I samband med dette drøfta podkastpanelet vårt dei mange Sprint spesialalbum.