
Sign up to save your podcasts
Or


Eit Serix-panel beståande av Kristian, Knut og Trond diskuterer årets julehefte via kategoriane, "Amerikanske", "Norske klassikarar", "Disney", "Barn og familie" og "Moderne norske (med eit svensk gjestespel)". Panelet prøver også å velge ut årets tre beste, og så mykje kan vi røpe, at særleg ein kategori er tungt representert både i toppsjiktet og blandt dei som får heiderleg omtale.
I meir enn eit hundreår har det eksistert to ulike utgåver av Knoll og Tott, men skotta mellom desse er ikkje alltid like vasstette som dei juridisk burde vere.
Arild Wærness, Knut Robert Knutsen, Trond Sätre og Øystein Nordvik frå Serienett sin redaksjon tek ein laus prat om årets julehefter. Vi tek mellom anna ein nærmare kikk på Flåklypa (på ein god måte) og nyvinnga Larris julehefte (IKKJE på ein god måte).
Vi drøfter DC Comics' multi-crossovers frå "Crisis on Infinite Earths" og utover, i lys av DCs norske publikasjonshistorie.
I årets andre podcast diskuterer SeriX Norgesgruppen sine nye grep, NTFs årsmøte og høgdepunkt blant årets nyheiter.
I årets første podcast ser Serix-panelet fram mot det nye året, men plukkar også favorittar frå det spesielle året som vi nå prøver å legge bak oss. Panelet sine anbefalingar omfatter "Mitt liv som tegning", "Sapiens", "Solruns Saga", "Tidevann", "Floke" og "Sprint i Sovjet".
Vi pratar litt om Stjernestøv, Dragevokterens Jul og Detektivbyrå Nr. 2 - alle norske franchiser, eller potensielle franchiser - av nyare dato før vi oppsummerer. Kva er dei aller beste av alle årets julehefter?
Sel julehefter uansett - særleg dersom dei er Donald Duck - eller kan forsida vere briste eller bære? Panelet fokuserer på Disney.
Men først: Nokre av julehefta med amerikanske post-krigsteikneseriar er enten forseinka (Hårek) eller kansellerte (Pusur) i år, så derfor går Billy og Tommy & Tigern inn i kategorien for diverse saman med Asterix og Tom & Jerry. Øystein i panelet finner ikkje Asterix' julehefte salgbart i år grunna forsida, men alle er einige om at heftet inneheld godt stoff.
Vidare blir det sjølvsagt ikkje teikneseriejul utan Disney, og i år er det Frost II som skil seg positivt ut på det reint estetiske planet. For øvrig går det mykje på rutinen i Carl Barks' Jul, Donald Duck & Co (som også får ein smekk for forsidedesignet), Donald Duck - God Gammel Årgang og Walt Disneys Julehefte.
Panelet pratar om dei norske klassikararne, pluss eit hefte, eller rettare sagt ei bok, som neppe får ein oppfølgar neste år.
Dei "gode gamle" er ikkje alltid dei mest interessante, og panelet er ikkje imponert over Norsk Barneblad sine hefter i år. Ikkje så veldig over Fonna sine heller, men her kan det komme endringar. Titlane er: Aukrust i Hundre, Fjøsnissens Jul, Smørbukk, Tuss og Troll, 91 Stomperud, Ingeniør Knut berg, Vangsgutane.
Her må det straks leggast til at det innbundne hyllestalbumet Aukrust i Hundre ikkje berre er eit sidespor i juleheftehylla, men panelet er eigentleg inhabile ettersom Arild Wærness har bidrege til ei av historiane. Boka er likevel for god til å ignorere.
Panelet består i år av Arild Wærness, Trond Sätre, Øystein Nordvik og Knut Robert Knutsen. Og det panelet kan vere stort einige om, er at ein tek dei jamt over beste først når ein begynner med den moderne, norske hefta: Donald (Duck) sitt norske julealbum, Flåklypa (Aukrusts Jul), Jul På Hjemmefronten, Lunch, Pondus Storefri, Rutetid og Jul På Skaugum
Det ville vere ei grov forenkling å seie at panelet liker hefta i den rekkefølga, frå best til verst, men det er ikkje så langt frå sanninga, heller. Panelet er ganske samstemte i si hylling av juleheftekunstarar som Arild Midthun og Thierry Cappezzone, til ei viss grad også Haakon W. Isachsen, Therese G. Eide, Frode Øverli og Børge Lund. Meiningane er meir delte om Storefri, men panelets fast tilsette lærar kan kanskje hjelpe oss til å forstå seriens popularitet. I Rutetid er det serien om partiet "Fritt" som fascinerer mest, mens Jul På Skaugum er nådelaust raskt oppsummert...