Hei og hopp din fluesopp!
I dagens episode har Maria og Malin fått besøk av to heilt spesielle gjester – brødrene Marcus og Gem! Saman gir dei deg den ultimate guiden til korleis du faktisk overlever som ny student, i ein heilt ny by.
Korleis unngår du å bli den irriterande personen i kollektivet? Kva gjer du når drikkepresset bankar på døra? Og korleis finn du eigentleg din plass i ein heilt ny kvardag, full av ukjende menneske og sosiale kodar?
Dette og mykje meir, får du svar på i dagens episode.
Len deg tilbake og kos deg – eller ta oss med på øyret medan du pakkar flyttelasset!