Hei og hopp din fluesopp!
Søsterselskapet er tilbake med ein ny episode, og denna gongen er det Maria som sit bak roret. Ved si side har ho Tonje og Malin, og i dag skal dei ta for seg temaet skam.
Kva skammar me oss for? Kva bør du skamma deg over? Og er skam positivt eller negativt?
I denne episoden både drøftar og fjasar søstrene rundt eit tema me alle kan relatera til. Kanskje sit du att med ein lærdom eller to, etter å ha lytta til oss?
Kyss og klem frå Søsterselskapet