Norsk straffelov er forskingsområde for eit fagmiljø som tenkjer likt. Gjer dette strafferettsvitskapen til ein for snever og innadvendt disiplin?
Lenke til Facebook-event.
Jørn R. T. Jacobsen, professor i rettsvitskap ved Universitetet i Bergen, har hevda at fagmiljøet lid av ei manglande vilje til å tenkje teoretisk om seg sjølv. Jacobsen forskar på strafferett og rettsteori, og har leia forskingsprosjektet «Criminal Law Theory — A New Norwegian Approach», som har hatt som målsetting å tilføre norsk strafferett eit tryggare teoretisk grunnlag.
Blir borgaranes rettstryggleik vilkårleg, når den teoretiske diskusjonen rundt strafferett blir prega av ein pragmatisk rettsvitskap? Fleire samfunnsfag har i nyare tid blitt meir sjølvkritiske, og rådande oppfattingar i desse faga blir kritisert utanifrå, til dømes av psykologi og nevrovitskap. Korleis vil rettsvitskapen utvikle seg under eit press om større tverfaglegheit?
Jacobsen har mellom anna motteke Nils Klim-prisen, Meltze