Ho vart omtalt som landets rockepoet etter ein sterk lyrikk-debut. Sidan gav ho ut den sjølvbiografiske romanen Svart belte, om livet med eteforstyrringar. – Eg ville vere heilt open, både om det fine, det vonde, det gode og det ekle, seier Marianne Clementine Håheim i forfattarpodkasten Bakom boka.