Bakom boka

Bakom boka

By NynorsksenteretArts
Download on the App Store

Bakom boka episodes

  • Martine Grande i samtale med Heidi Fagna
    Bakom boka: Multikunstnaren og den deprimerte kakerlakken
    Martine Grande måtte ta nokre rundar med seg sjølv før ho torde å debutere med ei barnebok om depresjon. Heldigvis tok Grande steget, og boka om Kakerlakken med den stygge frakken og hovudet fullt av triste tankar har vorte både bok, animasjonsfilm og teater. Filmen har vorte vist på festivalar, på skular og i helseføretak.
    15 min
  • Bjørn Sortland i samtale med Janne Karin Støylen
    Bjørn Sortland frå Bømlo har gjeve ut meir enn 40 bøker sidan debuten i 1992. Fleire av dei er omsette til ei rekkje språk. Han har skrive bøker både på nynorsk og bokmål, han vekslar mellom ulike sjangrar, og han vekslar mellom å skrive for born, ungdom og vaksne.
    I podkasten fortel han kvifor han er så oppteken av kunst, kvifor tru er eit tema som stadig dukkar opp, og han fortel kva det er som fascinerer han slik med jenter.
    15 min
  • Maria Parr i samtale med Heidi Fagna
    Maria Parr frå Vanylven har berre gjeve ut to bøker, men dei har vorte ein massiv suksess. Begge er selde til ei rekkje land, og allereie for debutboka Vaffelhjarte vart ho nominert til Brageprisen. For boka om Tonje Glimmerdal fekk ho den høgthengande prisen. Vaffelhjarte har i tillegg vorte ein populær TV-serie på NRK Super, og Tonje Glimmerdal har vore sett opp som teaterstykke.
    No skriv ho den vanskelege tredjeboka, og ho tør slett ikkje å tru at den kjem til å bli den same suksessen som dei to første. I podkasten fortel ho om korleis ho jobbar, og om kvifor Tonje Glimmerdal ikkje har mobiltelefon. Dessutan avslører ho kva ho skulle ønske at ho ikkje hadde tatt med i Vaffelhjarte.
    Foto av Maria Parr: Andrew Amorim
    17 min

About Bakom boka

From the publisher's feed

Podcast by Nynorsksenteret