Ho vart omtalt som landets rockepoet etter ein sterk lyrikk-debut. Sidan gav ho ut den sjølvbiografiske romanen Svart belte, om livet med eteforstyrringar. – Eg ville vere heilt open, både om det fine, det vonde, det gode og det ekle, seier Marianne Clementine Håheim i forfattarpodkasten Bakom boka.
Katteknulling og undring om ein penis kan vere stor som ei hundepølse, men også venskap, naboskap og foreldre ein er glad i, irritert på og uroa for. Møt Inger Johanne Sæterbakk i podkasten Bakom boka.
Ho vart forfattar på tampen av eit langt liv i skuleverket, og som 72-åring skriv Solveig Blindheim Bendixen framleis bøker for barn. Møt ho i forfattarpodkasten Bakom boka.
Ho har ikkje vore spesielt oppteken av krigen, og ho er ikkje spesielt glad i fantasy-sjangeren heller. Men då ho kombinerte desse to, fekk ho til å skrive sin første roman. Etter seks bøker er Ingunn Røyset likevel ikkje sikker på om ho skal kalle seg ein forfattar.
Ho har gitt ut over 50 bøker, har fått omtrent alle litterære prisar som finst, er heidersmedlem i Samlaget og har fått æra av å vere festspelforfattar heile tre gonger. Møt Erna Osland i podkasten Bakom boka.
Drakeholer, ei mystisk rune-tatovering, sjøormar, feer, spøkelse, nye og gamle gudar, teknologi ingen nolevande har sett, og ein magisk vind frå nord. Alt dette finn du i bøkene til Asbjørn Rydland. Møt han i podkasten Bakom boka.