Share DAG OG TID podkast
Share to email
Share to Facebook
Share to X
Trass i dei alvorlege skuldingane er Trump framleis den mest populære presidentkandidaten hos republikanarane. I midten av august dukka det opp eit juridisk skjer i sjøen som kan snu opp ned på alt for Trump. Lytt til kommentaren «Det militante demokratiet vaknar i USA» i denne vekas podkastepisode.
Opp frå krigsruinane stig ein anna Midtausten enn det vi kjenner. Du skal denne veka få høyre ein kommentar av Cecilie Hellestveit. Kvar veke les me inn eit utval artiklar til lydavisa vår. Vil du lytte til fleire? Ting eit gratis prøveabonnement med automatisk stopp på dagogtid.no/prov.
Siri Helle er fast skribent i Dag og Tid, agronom, snikkar, forfattar og mykje meir. Har ho funne sitt ideelle liv? Og kan ein vere rastlaus og likevel slå seg ned med hus, mann og åker? I denne episoden blir du betre kjent med Siri. Me er innom tema som matproduksjon, praktisk arbeid og distriktspolitikk.
Dersom alle mistenkjer motstandarane for å vera løgnarar og kjeltringer, blir det ikkje noko fellesskap av semja, det blir borkarkrig, skriv Jan Inge Sørbø. Høyr heile kommentaren hans på lyd i podkastkanalen vår denne veka. Me les inn eit utval artiklar kvar veke, og er du nysgjerrig på lydavisa vår eller kva DAG OG TID skriv om, ting eit gratis prøveabonnement på dagogtid.no/prov.
Gunnar M. Sørbø er sosialantropolog og tidlegare direktør ved Chr. Michelsens Institutt. I denne episoden fortel han om interessa si for Sudan, bakgrunnen for den pågåande konflikten og kva konsekvensar han kan få. Kvifor er det som skjer i Sudan så viktig for området rundt?
Kvar veke les me inn eit utval artiklar til lydavisa vår. Denne veka høyrer du Sjur Haga Bringeland lese frå Festspillene i Bergen.
Kvar veke les me inn eit utval artiklar til lydavisa vår. Denne veka får du høyre Frank Tønnesen lese spalta «Kunngjeringar».
Førre veke la Forsvarskommisjonen fram si innstilling og kommisjonen slår alarm: «Det er behov for en omfattende satsing på sikkerhet, forsvar og beredskap.» Dei vil doble forsvarsbudsjettet frå 76 milliardar til 146 milliardar over ein tiårsperiode. Magnus Håkenstad er gjest denne veka og fortel om innstillinga til kommisjonen. Han er forskar ved Institutt for forsvarsstudier og har arbeidd med tema som langtidsplanlegging i forsvarssektoren, det nye totalforsvaret og forsvarsomstilling.
Olav H. Hauge skreiv dagbok i 70 år, frå 1924 til 1994. Nokre år seinare vart bøkene gitt ut på Samlaget. Etter avtale med Bodil Cappelen og Samlaget trykker Dag og Tid no utdrag frå dagbøkene. Tidlegare redaktør i Samlaget, Sverre Tusvik, er gjest i podkasten vår denne veka og fortel om Olav H. Hauge. Kva er det som gjer dagbøkene hans så unike?
The podcast currently has 113 episodes available.
119 Listeners
40 Listeners
8 Listeners
19 Listeners
140 Listeners
60 Listeners
5 Listeners
1 Listeners
0 Listeners