Oljebransjen slapp seg laus på oljemessa ONS, kinesiske elbussar blir sette under lupa, og kva vil skje utover hausten i norsk klimapolitikk? Velkomen til sesongstart for Klimax.
Etter ein lang sommarferie er Klimax tilbake – den vekentlege podkasten der tilsette i Energi og Klima og Norsk klimastiftelse diskuterer aktuelle saker på klima- og energifeltet.
Denne vekas podkast blei spelt inn torsdag 27. august, med desse deltakarane:
· Anne Karin Sæther, prosjektleiar for olje og gass i Norsk klimastiftelse
· Kirsten Å. Øystese, prosjektleiar for klimaportalen tilnull.no
· Lars-Henrik Paarup Michelsen, dagleg leiar i Norsk klimastiftelse
Dei gir ein stemningsrapport frå oljemessa ONS i Stavanger og diskuterer det mest betente politiske forslaget som blei lansert under messa: Konkraft sitt forslag om å opne Nordland VI for petroleumsaktivitet. Saman med områda Nordland VII og Troms II utgjer dette LOVESE (Lofoten, Vesterålen og Senja).
Panelet diskuterer òg nyheita om at Samferdselsdepartementet i eit høyringsforslag ønskjer å avgrense kjøp av bussar frå land Noreg ikkje har eit tryggingspolitisk samarbeid med. Mellom anna ønskjer dei færre elbussar frå Kina. Det store spørsmålet er: Korleis skal vi forhalde oss til Kina i det grøne skiftet?
Til slutt i episoden diskuterer ein kva saker som vil prege hausten, og som alltid: det blir kåring av vekas antiklimaks og klimaks.
Lenker til saker som er omtalt i denne episoden:
· Energi og Klima 24. august 2026: EU-sjefen advarer selvtilfreds oljebransje
· KonKraft-rapporten som anbefalar at oljebransjen får tilgang til området utenfor Lofoten, kalt Nordland VI.
· EU-kommisjonens forslag til revisjon av kvotesystemet ETS og en handlingsplan for elektrifisering
· Avisa Nordland 25.08. 2026 Bodø bygger felles energiknutepunkt for skip og tungtransport (abo)
· Aftenposten Frykter for Norges sikkerhet: Nå vil regjeringen begrense kjøp av busser fra Kina
· Energi og Klima Uenige om Norge kan nå klimamålet med kvoter
Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.