
Sign up to save your podcasts
Or


I denne episoden møter me Ole Hovstad (f. 1899), som med sine 97 år ser attende på eit liv som spenner over eit heilt hundreår. Han fortel om krigsutbrot, rasjonering og kvardagen under knappheitstida, om barndom og skuleveg i eit samfunn der alt måtte løysast med handkraft og samarbeid.
Ole deler levande minne frå segling med potetlast til Bergen og frå tida då seglbåtane konkurrerte med dampbåtane. Han skildrar korleis motorisering, elektrifisering og nye maskinar endra kvardagen på garden, og korleis utskifting og teigblanding forma landskapet rundt Fitjar.
Som byggmeister, arkitekt og handverkar sette han varige spor etter seg – frå bustadhus og bankbygg til fiskarheimar i nord og skulehus som Osternes. Gjennom små historier og store perspektiv gir Ole eit innblikk i korleis livet, arbeidet og bygda endra seg gjennom 1900-talet.
I denne episoden samtalar Karl Gloppen med Peder Flatøy (1924–2001) om liv, landskap og historie frå øyane kring Fitjar og Flatøy. Dei diskuterer ei rekkje lokale stadnamn og korrigerer feil på kart – eit sterkt uttrykk for lokal kunnskap og identitet.
Peder skildrar jordbruk, torvskjering i bratte skråningar, og korleis folk klarte seg med små åkerlappar og lyngtorv. Sjølivet får stor plass – med båtar, naust, uvêr og segling som ein del av kvardagen. Han fortel også om barndom og skuleveg, ofte med roing i ruskevêr.
Fisket og bruken av naturressursar, som rakved og hummar, står sentralt. Episoden inneheld òg dramatiske minne frå andre verdskrigen, med våpenlager og tyske razziar. Gjennom små anekdotar får me glimt av både humor, slit og fellesskap på kysten.
Me tilrår å følgja med på eit kart medan dei snakkar – det gjer opplevinga endå kjekkare. På nordhordlandskart.no/Stadnamn finn du mange av stadnamna som Karl Gloppen noterer her, nedskrivne av Harald Westerheim direkte frå karta til Gloppen.
I denne episoden fortel Rasmus Olsen (1914–2000) om livet på Torsdagsøy og minne frå Fitjar i førre hundreår. Me høyrer om universitetsstudentar som dokumenterte gamle bygningar på 1960-talet, og om kva som vart teke vare på – og ikkje. Rasmus deler historier om dyrehald, torvmyrer, vågar, fiske og uver som tok med seg båtar.
Han snakkar om bygningar, murar og naust – med glimt av humor og undring over kva som er menneskeskapt og kva som kan tilskrivast høgare makter. Me får også høyre om skuleveg, naboskap og læraren som tygde tobakk.
Avslutningsvis deler han minne frå konfirmasjon, kyrkjeveg og prestar som slo.
Me tilrår å følgja med på eit kart medan dei snakkar – det gjer opplevinga kjekkare. På nordhordlandskart.no/stadnamn finn du mange av stadnamna som Karl Gloppen noterer her, nedskrivne av Harald Westerheim direkte frå karta til Gloppen.
I denne episoden vart Borghild Tverderøy intervjua av Karl Gloppen. Borghild fortel om gamle husmannsplassar og torvmyrer på Natterøya, om teigblanding, vatnhenting og uteflorar. Me får høyra om segn knytt til Abrahamsmyro og soluret sør på Natterøyo. Ho snakkar også om lyngbrenning, fiskeplassar og kasteplassar.
Vidare deler ho minne frå livet på Tverdarøy – skuleveg, eigedomsforhold, og livet som fiskarkone. Me høyrer historier frå krigen, om MTBar på Soløya, og om torvuttaking på Vassøya. Episoden rundar av med personlege soger om sjukdom, redningsaksjonar og fellesskap over øyene.
Me tilrår å følgja med på eit kart medan dei snakkar – det gjer opplevinga endå kjekkare. På nordhordlandskart.no/Stadnamn finn du mange av stadnamna som Karl Gloppen noterer her, nedskrivne av Harald Westerheim direkte frå karta til Gloppen.
Sigurd Torget vart intervjua av Karl Gloppen i februar og mars 1997 over to økter. Dette resulterte i nesten tre timar med opptak, som me har delt inn i fire delar. I denne fjerde og siste episoden vert det fortalt soger og minne frå Slåtterøy og området rundt.
Me får høyra om Tjuahidleren, der det vert sagt at Gjest Bårdsen gøymde seg – eit skjul så godt at ein ikkje kunne sjå botnen frå sjøen. Vidare vert det fortalt om ein los frå Torsdagsøyo som forliste og vart funnen fyrst då snøen smelta om våren.
Fiskeplassar og fluer vest for Slåtterøya vert skildra, før samtalen går over på stadnamn og gamle plassar på sjølve øya. Episoden rundar av med historier om fyrvaktarlivet – om dramatiske hendingar som bombinga av fyret, omkomne fyrvaktarar og ei bergensdame som våga seg på reise i liten storm. Me får òg høyra om korleis kvikksølvet i fyret vart oppfatta før i tida.
Me tilrår å følgja med på eit kart medan dei snakkar – det gjer opplevinga endå kjekkare. På nordhordlandskart.no/Stadnamn finn du mange av stadnamna som Karl Gloppen noterer her, nedskrivne av Harald Westerheim direkte frå karta til Gloppen.
Sigurd Torget vart intervjua av Karl Gloppen i februar og mars 1997 over to økter. Dette resulterte i nesten tre timar med opptak, som me har delt inn i fire delar. I denne episoden held me fram med torvmyrene før samtalen går vidare til vassleidninga frå Risøyo til Selsøy, bygd på 1980-talet. Me høyrer om stadnamn på Risøyo, om Ola og Salomon Risøy, og om fartøybygging i vika.
Vidare får me høyre om eit funn av ei steinøks i Kastevikjo, og om vestsida av Gisøya, der Gloppen ser føre seg eit bølgekraftverk i Skråmevågen. Me får også innblikk i ei halv bok som vart dikta her, samt torvuttakinga på sørvestsida av øya. Episoden rundar av med fleire stadnamn og fluer på sør- og sørvestsida av Gisøya, samt fuglelivet på holmane rundt.
Me tilrår å følgja med på eit kart medan dei snakkar – det gjer opplevinga endå kjekkare. På nordhordlandskart.no/Stadnamn finn du mange av stadnamna som Karl Gloppen noterer her, nedskrivne av Harald Westerheim direkte frå karta til Gloppen.
Sigurd Torget vart intervjua av Karl Gloppen i februar og mars 1997 over to økter. Dette resulterte i nesten tre timar med opptak, som me har delt inn i fire delar. I denne episoden snakkar dei mykje om stadnamn og tilhøyrande anekdotar på Gisøysida av Brandasundet, og generelt om fiske og fiskeplassar i området der ute. Me tilrår å følgja med på eit kart medan dei snakkar – det gjer opplevinga endå kjekkare.
På nordhordlandskart.no/Stadnamn finn du mange av stadnamna som Karl Gloppen noterer her, nedskrivne av Harald Westerheim direkte frå karta til Gloppen.
Sigurd Torget vart intervjua av Karl Gloppen i februar og mars 1997 over to økter. Dette resulterte i nesten tre timar med opptak, som me har delt inn i fire delar. I denne episoden snakkar dei mykje om stadnamn og tilhøyrande anekdotar frå Selsøyo og Brandasundet. Me tilrår å følgja med på eit kart medan dei snakkar – det gjer opplevinga endå kjekkare.
På nordhordlandskart.no/Stadnamn finn du mange av stadnamna som Karl Gloppen noterer her, nedskrivne av Harald Westerheim direkte frå karta til Gloppen.
I denne episoden får me høyre då Karl Gloppen var i Træ i Storavikjo og intervjua Ragnhild Hillesøy (1915-2006, født Storevik frå Helland), som var 87 år gammal her. Ho gifta seg ganske seint med enkemannen Årstein Pihl Hillesøy og hadde ikkje ungar sjølv, men tre stebarn med etterkomarar som rekna Ragnhild som bestemor og oldemor. Ragnhild fortel både frå livet sitt og garden i Storavikjo.
Bodil Gjeldnes intervjua tidleg på sommaren 1993 ei rekkje fitjarbuar som hadde tilknyting til Fitjarøyane i høve hovudfagsoppgåva si om fiskarbonden ved Universitet i Bergen. Dette er det siste av desse intervjua og denne gongen intervjua ho Olav Hanøy (f. 1921) og nevøen John Harald Sortland (f. 1946). Dei fortel om Hanøyo og korleis det var å leve her.
Podkasten er laga av Fitjar Sogelag og sponsa av Fitjar Kraftlag.
From the publisher's feed