
Sign up to save your podcasts
Or


Ingeborg Spissøy vart intervjua av Signe Lunestad hausten 1977. Ho vart fødd Strand på Rimbareid i 1896 og levde fram til 1993.
Her fortel ho om ulike tradisjonar på Fitjar knytt til bryllaupsfeiring, husflid og julefeiring. Ho fortel òg om den gongen ho fekk graut med speilegg på som sengjamat.
Ingeborg var gift med Karl Olai Spissøy og dei fekk i alt åtte ungar i lag, og har mange etterkomarar etter seg på Fitjar i dag.
I 1993 vart Marta og Mikkjel Hjelmen intervju av Bodil Gjeldnes i høve hovedfagsoppgåva hennar om fiskarbonden. Her fortel dei om livet deira og ressursutnyttinga på den vesle øya Hjelmen i Fitjarøyane opp gjennom åra. Mikkjel var fødd på Hjelmen i 1917 og var tredje generasjon i slekta som tok over garden her. Mikkjel levde til 2006. Marta var opphavleg frå Hatlevikjo, fødd 1922, og døydde i 2006, omtrent eit halvt år før Mikkjel.
I den siste delen av opptaket som Ingolf Bukkøy gjorde tidleg på 2000-talet får me høyre om då han var på sildefiske, kjøpte eigen motorbåt av splintane for pengane han tente og seinare mista båten. Me får òg høyre om livet til sjøs og nokre fine betraktningar om å arbeide med folk frå ulike kulturar, livet generelt og ein vakker mai-morgon på Fitjar.
Lilly Alme (1923-2017) vart 2. juli 1993 intervju av Bodil Gjeldnes. Gjeldnes skreiv hovudfagsoppgåve om fiskarbonden og førtok i alt seks ulike intervju med folk frå Fitjarøyane på denne tida med fokus på korleis dei utnytta dei avgrensa naturressursane ute i øyane. Lilly fortel her levande om livet på Selsøy, om vavottar og sylteagurkane som bestefaren alltid måtte ha.
Gunhild Norheim (27. desember 1904-21. august 1982) vart intervjua av Signe Lunestad i oktober 1977, då ho var 72 år gammal. Ho voks opp på Mækjebakken i Bremnes og flytta sidan til Fitjar. Ho fortel frå barndommen sin på Bremnes og ulike stader ho var før ho hamna på Fitjar. Ho gifta seg aldri, så vidt me veit, og hadde ikkje etterkomarar.
Signe Lunestad intervjua Kanutta Hauge i oktober 1977. Ho var fødd i 1893 og døydde i 1991, 98 år gammal. Ho var skreddar i mange år på Fitjar og skal ha sydd hundrevis av brudekjolar og bunadar. Ho fortel om vanskelege barneår i foster hos tanta på Landa og elles frå livet hennar som tok ho til Bergen i skreddarlære, som gift til Nord-Fodno, og inn att til Fitjar, der ho starta verksemda si.
I den fjerde delen av opptaka som Ingolf Bukkøy gjorde rundt år 2000 fortel han om lensmannsgarden på Nordfodno, og kjem inn på ymse segner knytta til både garden og stadnamn på og i nærleiken av Fodno. Episoden blir avslutta med kva han som gutunge gjorde på fritida, mellom anna den gongen han vart den første som produserte elektrisk straum i øyane.
Oluf Torget (1914-2004) vert her intervjua av Bodil Gjeldnes. Ho skreiv hovudfagsoppgåve i geografi ved Universitetet i Bergen om fiskarbonden og i 1993 var ho på Fitjar og intervjua fleire fitjarbuar som hadde budd mykje av livet ute i øyane. Her fortel Oluf om gardsdrifta og fiske på garden Torgjo på Selsøyo.
I november 1957 var det gjenopning av Fitjar kyrkje, etter at ho hadde vore stengd for restaurering i eitt år i høve 90-årsjubileet til kyrkja. I den samanhengen heldt ordførar i Fitjar den gongen, Peder Nilsen Aga, ein tale der han går gjennom historia til kyrkja, frå rivinga av den gamle og fram til 1957.
Ingolv Bukkøy held fram soga si om livet sitt på Nordfodno. I denne episoden får me høyre mest om sjølve garden og gardsdrifta her, som torvuttaking og beiting, i tillegg til litt anna.
From the publisher's feed