
Sign up to save your podcasts
Or


I denne episoden møter vi Tora Brendøy (1911-2005) i samtale med Karl Gloppen, i eit intervju frå 14. april 1997. Tora fortel om oppveksten på Aga, seinare år som gift på Brendøya, og om tida i Hatlevik før ho til slutt kom inn til Fitjar. Gjennom minna hennar får vi innblikk i korleis kvardagen var for familiar som levde mellom øyane, med skuleveg over sjøen, slått og torvskjering, fiske, husdyrstell og eit liv der alt kravde slit og uthald.
Samtalen rommar også sterke glimt av livet som enkje med ansvar for fire born, arbeid på fabrikken i meir enn tjue år, og minne om eit kystsamfunn der både arbeid, familie og ferdsel var tett knytte til sjøen. Samstundes teiknar Tora eit levande bilete av Brendøya, Øspøya, Aga og Hatlevik slik desse stadene vart opplevde innanfrå.
I denne episoden møter vi Bjarne Korsvik (1933-2023) i samtale med Karl Gloppen, i eit intervju frå 18. april 1997. Med utgangspunkt i eit grundig manus om bureisinga i Korsvik fortel Bjarne om korleis bruket vart rydda og bygd opp frå grunnen av, om stein, murar, jordkjellar, torvhus og dei første husa som kom på plass.
Samtalen gir eit levande bilete av eit liv prega av handemakt, nøysamheit og oppfinnsemd, der både jordbruk og sjøbruk måtte bere familien. Vi høyrer også om skøyter, fiske, transport, krigstid, naboskap og kvardagen i eit lite bruk der alt måtte skapast med eigne hender.
I den andre delen av interjuvet med Anne Lise Westvik flyttar samtalen seg til Straumøya, der ho fortel om tunet, bygningane, drifta og livet på øya. Karl Gloppen nummererer våningshus, løe, sjøbu, naust, vedhus, mindre uthus og kaiar, medan Anne-Lise forklarer korleis staden var bygd opp og brukt. Ho skildrar jordbruket med kyr, kalvar, gris, beite, gjerde, bærhage og potetdyrking, men og kor viktig fiske og sjøbruk var. Samtalen kjem inn på flytting av hus, gamle tufter, bergfall, naturlege basseng, sjøbuer fulle av garn og not, og korleis Straumøya var ein kombinasjon av gardsbruk og fiskarheim. Ho fortel òg sterke historier om uvêr, sjøfrykt, ei dramatisk ulukke ved rutebåten, arbeid og disiplin i kvardagen, og om Straumøyskøyta og den større fiskedrifta som sette preg på familien og øysamfunnet.
I denne delen fortel Anne Lise Westvik om oppvekst og kvardagsliv på Øspøya, medan Karl Gloppen går gjennom kart, stadnamn, hustufter, åkrar, gjerde, stiar og lendingar. Samtalen gir eit levande bilete av eit lite øybruk med våningshus, fjøs, smalahus, utedo, myr, kjelder og slåttemark, og korleis ein utnytta kvar flekk av jorda. Ho fortel om båtbruk, skuleveg over sund og vêrharde farvatn, torvskjering og dugnadsarbeid, og om korleis familien levde med kombinasjonen av jordbruk, fiske og sjøtransport. Det kjem også fram minne om Bukkøya, Farholmen og andre nærliggande plassar, om gamle tufter og små bruk, om handelsturar, skøyter og fiske, og om kor hardt og samstundes sjølvsagt dette livet var.
I del 2 av intervjuet med Ole Ivarsøy (7. april 1997) flyttar Karl Gloppen fokuset frå kartarbeid på land til det som Ole meiner er minst like viktig å få med: sjøbruket. Ole fortel fritt om båtane dei hadde – frå færingar og kubåt til skøyter – og om fisket gjennom året med drivgarn, botnagarn og særleg seigarn, i tillegg til heimefiske og hummarfiske.
Ein stor del av episoden handlar om rusefiske: Ole forklarer i detalj korleis ruser blir laga, korleis masketal og ringar bestemmer fasong og funksjon, og kva som skil enkle og doble ruser. Han fortel også om eldre metodar for å frakte og oppbevare levande fisk, mellom anna med fiskekister som vart slepte og rodde til byen.
Mot slutten kjem dei inn på ressursbruk og rettar: torvmyrer og felles utmark, stølsplass, grense- og gjerdeplikt – og eit interessant tilbakeblikk på østersdrift i pollane i første halvdel av 1900-talet, med vasking av østers i nettkassar. Episoden rundar av med kvernspor, kvernstein og dei gamle stiane i utmarka som framleis kan følgjast i terrenget.
I denne episoden intervjuar Karl Gloppen Ole Ivarsøy i eit opptak frå 7. april 1997. Med kartet framfor seg går dei systematisk gjennom stadnamn, landskap og kulturminne på Ivarsøy: gamle ryddingsspor, steingardar og tunstruktur, og korleis gard og utmark var organiserte. Undervegs får vi også glimt av byggeskikk og gjenbruk av materiale, forteljingar om skulestove før skulehus kom, og spor etter eit liv der alt måtte gjerast med handemakt. Ei roleg og detaljrik kartvandring gjennom ei øy og ei tid som er i ferd med å forsvinne.
I denne episoden høyrer me Karl Gloppen intervjue Margit Heggøy (f. Flatøy) i eit opptak frå 3. april 1997. Margit fortel om åra ho og mannen Håkon budde på Dyrholmen under og etter krigen – ei tid ho sjølv omtalar som tung, og der ho ofte var åleine med små barn medan mannen var borte i arbeid.
Med kartet framfor seg peikar ho ut husa på holmen, kvar stiar og ferdselsvegar gjekk, kvar dei hadde lending, kor dei tok torv, og kvar dei henta vatn frå kjelder som aldri tørka ut. Ho skildrar også kvardagslivet med dyr, drift og enkle handelsvarer, og korleis Dyrholmen låg sentralt i trafikken mellom øyane – ikkje minst i samband med skulegangen på Ivarsøy.
Samtalen rommar både lyse og mørke minne: bryllaup og ungdomsmoro, men også ei dramatisk forsvinning, krigshendingar med våpen, og historier om ei uroleg stemning på staden Paradis – der folk meinte dei hadde sett noko dei ikkje kunne forklare.
I denne episoden møter me igjen Johannes Lars Tufteland, som denne gongen fortel om sitt eige arbeidsliv – frå vegbygging til teneste i Heimevernet. Samtalen gir eit konkret innblikk i korleis vegane på Fitjar vart bygde: frå grusvegar med slaghol til fast dekke, med handboring, sprenging, grøfter, stikkrenner og tungt kroppsarbeid.
Johannes fortel òg om faren sin, anleggsarbeidar og skytebas, og om sprenging “på gamlemåten” – med krut, dynamitt og stor risiko. Vidare går praten over til Heimevernet: øvingar, konkurransar, våpen, beredskap og innsats i sivile kriser som skogbrannar.
I denne episoden er det Johannes Lars Tufteland som Karl Gloppen intervjuar om Olaf Tufteland (1900–1980) – ein markant bygdekarakter, hard i framtoning, men mjuk og hjelpsam i handling. Gjennom minne og anekdotar får me høyra om sjømannsliv, fiske, båtbygging og handverk, om kvardagsråd og bygdehumor, jakt og skrøner – og om det legendariske 70-årslaget i Myro. Ei levande forteljing om eit menneske som sette varige spor etter seg, både i folk og landskap.
I denne episoden møter me Torvald Siglen, som med levande detaljar og sterk lokal kunnskap fortel om eit liv tett knytt til jord, sjø og landskap på Siglo. Han deler minner frå eit småbruk der torvtekt, slått og fiske var like sjølvsagde delar av kvardagen som kyrne i fjøset.
Torvald tek oss med gjennom utskifting og nye eigedomsgrenser, torvmyrer som vart dyrkingsjord, og korleis elektrifisering og maskinar endra både arbeidskvardagen og landskapet. Han skildrar livet på sjøen – frå hummarteiner og brislingfiske til lange roturar til skule og kyrkje – og viser korleis fellesskap, lokalkunnskap og hardt arbeid forma kvardagen.
Gjennom stadnamn, naturbeskrivingar og personlege minne får me eit rikt bilete av livet i ei øybygd i endring, der både tradisjon og modernisering sette sitt preg på menneska og miljøet rundt.
Følg gjerne samtalen på kartet på nordhordlandskart.no/Stadnamn – det gjer opplevinga endå meir levande.
From the publisher's feed