
Sign up to save your podcasts
Or


I denne unike episoden tek me eit dykk inn i livet til tre 96-åringar som i 1995 var dei eldste i Fitjar kommune: Marselius Thorland, Ole Hovstad og Thea Eide. Desse var alle fødde i 1899 og var dei siste personane frå Fitjar som var fødde på 1800-talet. Marselius og Ole døydde som 99-åringar i 1998, medan Thea døydde som 100-åring i 1999.
Gjennom eit intervju arrangert av dåverande skulesjef Alf Gjøsæter og kultursjef Elise Aarbø, får me høyre sjarmerande og tankevekkande historier frå eit langt liv, med besøk av Bladet Sunnhordland som vitne.
Merk at lyden diverre stundom ikkje er alltid like god, då det innimellom er mange som snakkar samstundes.
I dette opptaket frå 14. februar 1997, har Karl Gloppen vitja Ole (1914-2004) og Klara Havn (fødd Tislevoll, 1921-2007). Ole Havn fortel frå livet sitt og dei mange verksemdene sine. Han dreiv butikk og båtekpedisjon i Koløyholmen og starta krabbefabrikken her, oppretta Filialen på Rydland og dreiv det som i intervjuet blir spekulert i å vere den største minkfarmen i Skandinavia. Han var òg ordførar i Fitjar i tre år.
I denne episoden får me høyra eit intervju med Oskar og Else Bukkholm frå 1. juli 1993, då dei vart vitja av Bodil Gjeldnes. Gjeldnes skreiv på denne tida hovudfagsoppgåve om fiskarbonden ved Universitet i Bergen og intervjua fleire fitjarbuar om livet i Fitjarøyane. Oskar (1917-2005) og Else (fødd Mohn, 1926-2015) fortel om husdyrhald, tang-, tare- og torvuthenting, om båtar og fiske og hus som stod på Bukkholmen då dei budde der.
I denne episoden får me høyre andre del av intervjuet som Karl Gloppen gjorde med August Bod (1911-1997) i 1997. August fortel her vidare om livet sitt, frå personlege refleksjonar om helse til historier om arbeidslivet og samfunnsrolla si. August deler minne som gir oss eit innblikk i korleis livet var på Fitjar gjennom store delar av 1900-talet.
12. februar 1997 tok Karl Gloppen turen til Storavikjo for å intervjue den 85 år gamle August Bod. I denne podcast-episoden deler August sine levande minner om familien sin, garden og glimt frå livet hans.
August Bod (24. mai 1911 – 13. februar 1997) var gift med Anna Hovstad (10. januar 1914 – 20. desember 1999). Saman fekk dei fire barn, og etterkommarane deira bur framleis på Fitjar i dag. Bestefar til August, òg kalla August Bod (1841–1909), kom frå Värmland i Sverige til Vestlandet som gruvearbeidar før han slo seg ned i Storavikjo på Fitjar.
Dette skulle vise seg å bli den siste samtalen August hadde med Karl Gloppen, då August brått gjekk bort dagen etter dette opptaket.
Dette er del 1 av 2 av etter intervjuet.
Signe Lunestad intervjua i desember 1977 Emma Vestbøstad, fødd Løkling, som på Fitjar var kjend som "Tråd-Emma", fordi ho hadde tøy og trådutsalg her. Ho var gift med Lars Vestbøstad som var blind. Dei gifta seg forholdsvis seint og hadde ikkje barn i lag.
Emma fortel her hovudsakleg om tida under krigen på Lykling i Bømlo kommune, der ho og broren Anton var med på å skjule folk på flukt frå tyskarane, medan dei venta på å bli frakta over til England.
Den 10. februar 1997 vitja Karl Gloppen Tarald (1925-2013) og Ingeborg Vestbøstad (1931-2018) for ein samtale om Synningo, der Ingeborg og familien hennar budde då ho var ung. I 1997 reiste Karl rundt til mange gardar på Fitjar for å snakke med folk som budde eller hadde budd på desse gardane, i samband med arbeidet med eit mogleg bind 3 av Fitjar Bygdebok. Samtalen dreier seg hovudsakleg om gardsbruket og ulike emne knytt til garden, men fleire anekdotar og kommentarar om mykje forskjellig sit laust undervegs.
I denne episoden frå 1993 møter me Brita Kvarven (1911-2000), fødd Brita Velken i Granvin, som deler minner og erfaringar frå eit langt liv som jordmor og fiskarbondekone på Fitjar. Brita, som var 81 år på tidspunktet for intervjuet, kom til Fitjar i 1938 etter å ha gifta seg med Alfred Kvarven. Saman fekk dei fem born og levde eit tradisjonelt liv prega av arbeid på garden og ved sjøen.
Intervjuet er leia av Bodil Gjeldnes, ein geografistudent frå Universitetet i Bergen, som på dette tidspunktet jobba med hovudfagsoppgåva si om den tradisjonelle levemåten til fiskarbøndene. Bodil vitja Fitjar for å samle førstehands fortellingar om livet i bygda.
Gjennom samtalen tar Brita oss med tilbake i tid og deler historiar om dagleglivet på garden, frå stell av husdyr til torvuttaking og dyrking av poteter. Ho fortel om korleis dei på Fitjar opplevde skilnader i dyrehald samanlikna med oppveksten hennar i Hardanger, og om korleis livet på sjøen prega kvardagen, spesielt når mannen var på fiske.
I denne episoden får me høyre Signe Lunestad intervjue 84 år gamle Marselius Thorland. Fødd i 1899 han var yngst av dei som vaks opp av ein større søskenflokk og dei eldste brørne hans hadde alt reist til Amerika då han var fødd, og han møtte dei ikkje før han var vaksen. Han var nest eldst på Fitjar då han døydde i 1998. Her får me høyre frå livet hans, om gardsarbeid, potetfarten til Bergen og anna.
I november 2021 vitja den då 91 år gamle forfattaren og omsetjaren Edvard Eikill frå Stavanger Fitjar kulturhus og heldt eit foredrag om livet til Håkon den gode, som me her får gjengitt i sin heilskap.
Eikill starta karrieren som forfattar etter han pensjonerte seg som tannlækjar i 1997 og har nytta pensjonisttilværet til å gje ut romanar og omsett historiske verk frå norrøn tid og mellomalder, og kanskje mest imponerande det seks bind store islandske mellomalderverket Flatøybok, der Eikill omsette teksten og gjendikta kvada.
From the publisher's feed