LittPod

Forfattersamtale med Sergej Lebedev


Listen Later

Med Sergej Lebedev og Ingunn Lunde
​Sergej Lebedev (f. 1981) er ein av Russlands mest internasjonalt kjende samtidsforfattarar, i tillegg til å vere journalist og redaktør. Han debuterte som romanforfattar i 2010 og bøkene hans er omsette til meir enn tjue språk. Den nyaste romanen, Belaja dama, kom ut på russisk i 2025 og blei utgitt på norsk same året i Ingunn Lunde si omsetjing.
Eit gjennomgåande tema i Lebedevs bøker er Stalintida og korleis Russland er prega av at verken samfunn eller styresmakter har tatt eit oppgjer med den totalitære fortida. Blant dagens russiske forfattarar har Lebedev vore ein av dei som tydelegast og lengst har kritisert Putin-regimets autoritære maktutøving. Han har dei siste åra vore busett i Berlin.
I romanen Damen i hvitt tar Lebedev oss tilbake til starten av Russland sin krig mot Ukraina, då Donbas blei okkupert. Handlinga spenner over fem dagar i juli 2014 i gruvelandsbyen Marat. Fiendar av styresmaktene er blitt likviderte og dumpa, lik etter lik, i landsbyens gruvesjakt og mellom anna slik avdekker romanen dei mørke kreftene som driver Putins Russland i dag.
Høyr Lebedev fortelje om Damen i hvitt og om vald og kriminalitet i det russiske regimet i fortid og notid. Samtaleleiar er Ingunn Lunde, professor i russisk språk og litteratur ved Universitetet i Bergen.
...more
View all episodesView all episodes
Download on the App Store

LittPodBy Litteraturhuset i Bergen


More shows like LittPod

View all
Giæver og gjengen by VG

Giæver og gjengen

36 Listeners

Aftenpodden by Aftenposten

Aftenpodden

45 Listeners

Morgenbladets podkaster by Morgenbladet

Morgenbladets podkaster

6 Listeners

Krisemøter by Moderne Media

Krisemøter

25 Listeners

Krimpodden by VG

Krimpodden

71 Listeners

Litteraturhuset i Trondheim by Litteraturhuset i Trondheim

Litteraturhuset i Trondheim

0 Listeners

Forklart by Aftenposten

Forklart

97 Listeners

Oppdatert by NRK

Oppdatert

27 Listeners

Kongen Over Alle Podder by Universal Music

Kongen Over Alle Podder

0 Listeners

Ubehaget i kulturen by Morgenbladet

Ubehaget i kulturen

1 Listeners

MÍMIR&MARSDAL by Manifest Media

MÍMIR&MARSDAL

15 Listeners

Morgenbladet bøker by Morgenbladet

Morgenbladet bøker

0 Listeners